![]() Kirkegård. foto: Terje Angeltveit |
Terje Angeltveit gjekk til topps i andre runde av konkurransen om å bli Årets fotograf. Team i denne runden var landbskap. Foto.no arrangerer konkurransen Årets fotograf med fire runder kvart år. Les meir om denne runden her Les meir om konkurransen her |
![]() foto: Arnold Hoddevik |
2011 er arkitekturens år. Arkitektur kan by på mange varierte og spennande utfordringar, skriv Geir Brekke i ein artikkel på Foto.no. Han fabulerer gjerne litt rundt ulike betraktiningsmåtar, problemstillingar og innfallsvinklar ved å fotografere arktiektur. Geir Brekke er ein allsidig og interessant fotograf, som utforskar mange ulike sider ved foto, både kreativt krevjande motiv og tekniske sider ved fotograferinga. Du kan lese heile artikkelen ved å klikke her |
![]() Skjelten i blåtimen. Foto: Monica Vatnehol |
Panorama var tema for kvelden, og foredragshaldar var Arnold. Ordet panorama kjem frå gresk og betyr altomfemnande synsvidde. Det er ein fototeknikk som handlar om å ta fleire bilder og så setje dei saman til eit bilde. Bildet kan vise omgivelsar opp til 360 grader, så teknikken blir ofte brukt hvis ein skal fotografere eit stort område. Utsnitt frå eit bilde kan også sjå ut som panorama, men er ikkje ekte panorama. Arnold gjekk gjennom forskjellige variantar, forklarte om teknikk og utstyr, og viste eksempel på både feil som kan oppstå og rett samansette bilder. Foredraget med linkar finn du her. |
![]() Flight of the Rays - Fotograf: Florian Schulz |
Foto.no har publisert ein liten artikkel om konkurransen om å bli årets miljøfotograf. Les meir om konkrurransen her |
![]() Ute av drift, foto: John Colbensen |
John gjentok bedriften frå i fjor, med å bli nr 2 i år også. Vinnaren vart Lars Altberg frå Sverige, så John vart beste Norske deltakar - ein flott prestasjon, som vi gjerne gratulerer med. Du kan lese meir om resultata på nettsidene til Biofoto.no, eller klikke her |
![]() Briller fra Brillerike, foto: Arnold Hoddevik |
Her har alle ei strålande mulegheit. Alle motivtyper er jo tillatt, berre det reklamerer for eit eller anna. Frist er 30. 04. kl 23:59. Les meir i forumet, ved å klikke her Det kan vere ei foreining som Skodje fotoklubb, eit produkt eller ein tur eller eit arrangement eller - ja, det er nesten ingen ende på kva som kan vere gjenstand for reklamebilde. Slå deg laus, skriv ned idear, stel idear frå andre, planlegg og eksperimenter til du finn det beste reklamebildet ditt. |
![]() Spelemann i Davikhuset. foto: Arnold Hoddevik |
Dette er den avgjerande runden, og eit heilt nytt og ukjent tema - Serie eller kolleksjon. Her er det også store mulegheiter for alle typer motiv. Det einaste kravet er at det skal vere ein innbyrdes samanheng mellom bilda i serien. Frist for innlevering er torsdag 26.5.2011 kl 23:59. Les meir i forumet, ved å klikke her I 2010 hadde NSFF ein landskonkurranse med tema Kolleksjon. I resultatlista frå den konkurransen kan du sjå mange gode eksempel på kolleksjonar. Klikk her for å komme til sida der du kan laste ned dokumenta, langt nede på sida. Både presentasjon og resultatliste inneheld eksempel, så studer gjerne begge. Merk at Presntasjonen er på ca 35 Mb, så det tek litt tid å laste den ned. |