Skjelten i blåtimen. Foto: Monica Vatnehol

Panorama var tema for kvelden, og foredragshaldar var Arnold. Ordet panorama kjem frå gresk og betyr altomfemnande synsvidde. Det er ein fototeknikk som handlar om å ta fleire bilder og så setje dei saman til eit bilde. Bildet kan vise omgivelsar opp til 360 grader, så teknikken blir ofte brukt hvis ein skal fotografere eit stort område. Utsnitt frå eit bilde kan også sjå ut som panorama, men er ikkje ekte panorama.

Arnold gjekk gjennom forskjellige variantar, forklarte om teknikk og utstyr, og viste eksempel på både feil som kan oppstå og rett samansette bilder. Foredraget med linkar finn du her.

Slitne fotografar kviler ut ved Brosundet.
Jugendsenteret. Foto: Arnold Hoddevik.
Tekst: Monica Vatnehol

10. april var det Ålesund som var målet for utflukta vår, og 7 stk. møtte fram for å utforske byen. 15 grader og opphaldsver gjorde sitt til at det vart ein behageleg tur denne gongen, men himmelen var nokså grå og lyset ikkje det beste.

Vi starta i området rundt Skansekaia med statuer, minnesmerker, moderne bygningar, gamle trehus og hurtigruteanløp. Mange motiv, både høgt og lavt, og enkelte fekk også teste gamle tyskkunnskapar. Eit tysk ektepar ville bli fotografert foran hurtigruta, og lurte på om det skulle skje noko spesielt, sidan vi var så mange fotografar på kaia...

Etter Skansekaia gjekk ferda vidare til Brosundet. Nokre fotograferte sundet, andre arkitekturen og atter andre prøvde seg på panorering av måsar.

Ålesund er ein vakker by, med utruleg mange flotte motiv. Kanskje fleire skulle prøve å leike turist i eigen by... ; )

Flight of the Rays - Fotograf: Florian Schulz

Foto.no har publisert ein liten artikkel om konkurransen om å bli årets miljøfotograf. Les meir om konkrurransen her

Ute av drift, foto: John Colbensen

John gjentok bedriften frå i fjor, med å bli nr 2 i år også. Vinnaren vart Lars Altberg frå Sverige, så John vart beste Norske deltakar - ein flott prestasjon, som vi gjerne gratulerer med.

Du kan lese meir om resultata på nettsidene til Biofoto.no, eller klikke her

Briller fra Brillerike, foto: Arnold Hoddevik

Her har alle ei strålande mulegheit. Alle motivtyper er jo tillatt, berre det reklamerer for eit eller anna. Frist er 30. 04. kl 23:59. Les meir i forumet, ved å klikke her

Det kan vere ei foreining som Skodje fotoklubb, eit produkt eller ein tur eller eit arrangement eller - ja, det er nesten ingen ende på kva som kan vere gjenstand for reklamebilde.

Slå deg laus, skriv ned idear, stel idear frå andre, planlegg og eksperimenter til du finn det beste reklamebildet ditt.

Spelemann i Davikhuset. foto: Arnold Hoddevik

Dette er den avgjerande runden, og eit heilt nytt og ukjent tema - Serie eller kolleksjon. Her er det også store mulegheiter for alle typer motiv. Det einaste kravet er at det skal vere ein innbyrdes samanheng mellom bilda i serien. Frist for innlevering er torsdag 26.5.2011 kl 23:59. Les meir i forumet, ved å klikke her

I 2010 hadde NSFF ein landskonkurranse med tema Kolleksjon. I resultatlista frå den konkurransen kan du sjå mange gode eksempel på kolleksjonar. Klikk her for å komme til sida der du kan laste ned dokumenta, langt nede på sida. Både presentasjon og resultatliste inneheld eksempel, så studer gjerne begge. Merk at Presntasjonen er på ca 35 Mb, så det tek litt tid å laste den ned.

 

8. april var det eitt år sidan klubben formelt vart stifta i klubben sitt første ordinære årsmøte.

Alt frå starten var det mange interesserte medlemmer, og ut gjennom året auka medlemstalet til over 70. I det nye året er det mange spennande prosjekt på gang. Det har blitt arrangert fleire kurs for medlemmane, og fleire vert det sikkert - om medlemmane vil. Vi arbeider for å skape eit godt tilbud til klubben sine medlemmer og eit betre fotomiljø i lokalsamfunnet.

Vinnar av 7. runde - eit vel gjennomført studie av Samfjordgårdane. Foto: Monica Vatnehol

Tema for denne runda var Arkitektur. Det viste seg å vere ei utfordrande og vanskeleg oppgåve for mange. Etter runder med jevn nivåstigning, tok stigninga ei lita pause. 16 bidrag var innlevert, og alle bilda vart vist og kommentert. Denne gongen var det ikkje John som bedømte bilda, men derimot tre fotovener i Belgia, Ukraina og Filippinene. Dei tre skal også bedømme bilda i dei to siste rundene av konkurransa. I runde 8 er tema reklame og i siste runde er tema ein serie på tre bilder med fritt motiv. To oppgåver som utfordrar deltakarane til å tenke kreativt og nytt, dvs. ikkje leite i arkivet... Kven som til slutt får tittelen som årets fotograf i Skodje Fotoklubb får vi vite på medlemsmøtet 30. mai. Meir informasjon om dei to neste rundene blir lagt ut i forumet.

Til slutt vart det snakka litt om kurs, utflukter og konkurransar. Tilboda er mange, og medlemmane blir oppfordra til å ta del i dei aktivitetane som er i klubben. Neste på planen er utflukt til Ålesund søndag 10. april. Ei helg med overnatting på Ulla i mai, er også under planlegging. I tillegg har vi tilgang til bildefagsrommet fredagar, og her kan medlemmane sjølve ta initiativ til å treffast og til kva som skal stå på planen. Når det gjeld konkurransar, så er det ein fin måte å lære på, og John oppfordra oss til å delta i den store landskonkurransa til NSFF. Frist for innlevering er 15. april, og informasjon om denne konkurransa finst på heimesida til NSFF.

Vinnerbilde - Årets non-figrative naturbilde. Foto: Geir Jartveit

Vi gratulerer fotoklubbmedlem Geir Jartveit med resultatet i konkurransen Årets nordiske naturfotograf 2011. Bildet Elefanter gikk helt til topps i klassen for non-figurative naturbilder, og Geir kan smykke seg med tittelen Årets Nordiske Non-figurative Naturfotograf. Ikke nok med det, men Geir fikk også 9. og 10. plass i samme klassen med bildene Rødt blad og Farger speiler seg.

I den non-figurative kategorien kan man leke seg med kameraet. Geir Jartveit har fotografert to hester, mens han har beveget kameraet. Resultatet ble ganske annerledes enn hva han hadde tenkt seg: Hestene var blitt til to drømmeaktige elefanter. Et morsomt og abstrakt resultat. Se mer om konkurransen og resultatene her

Tekst: Monica Vatnehol

Skummande bårer mot stranda. Foto: Arnold Hoddevik. Tekst: Nora Karin Roald Hesseberg

Vi møtte ved Gomerhuset på søndag føre¬middag, og organiserte køyring utover. Med vinden susande i øyre og hår starta vi utflukta på Vigra. Det var 5 bilar, 2 hundar og ditto fotovener. Ekstra jakker og bukser kom på, hovudplagg og panneband likeso. Bilane vart parkert ved hotellet, og med kamera og stativ vandra vi nedi fjøra rett nedanfor bygningane. Kamera låg i ryggsekken, men kom fort fram i sterk kuling og kvite frådande skumtoppar på bølgjene som slo mot land. Vona om blinkskotet vakna til live.

Les heile forteljinga om turen her