Stranda på Skår. Foto: Monica Vatnehol

27. februar gjekk turen til Skår og Helland i Haram. Berre fire stk. tok seg tid til å vere med på denne utflukta. Det var veldig synd at vi var så få, for turen var flott, til tross for kald vind og grått ver.

Første stopp var Skår. Der vart det både bilete med lange eksponeringar og makrobilete av livet som skjuler seg mellom fjøresteinane. Området har vakker natur med mange flotte motiv, bl.a. gamle bygg, høge fjell og kronglete vegar.

Turen vart avslutta ved den nedlagte slippen på Hellandshamn, ein spanande stad, som sikkert kunne ha vore utforska enda meir.

Vinnarbildet denne runden - Raud sekk, foto: Bjørn Tennø

Kva assosierar de med fargen raud, spurde John i starten. Blant det som vart nevnt var blod, styrke, varme, kjærleik, kommunisme og politikk.

Denne gongen (07.03.) var det gjennomgong av dei innsendte bidraga til 6. runde i konkurransen vår, som stod på timeplanen. Tema var raud, 18 bidrag var innsendt, og kreativiteten var stor.

Bileta vart vist i tilfeldig rekkefølge, med kommentarar både frå John og frå salen. Bileta blir bedre og bedre, og bedømminga stadig vanskelegare.

Denne runda var det også premiering av to tilfeldig uttrekte bidrag, og Ann Helen Krogsæter og Odd Arne Grande vann kvar sin vater til kameraet. No blir det sikkert ingen skeive horisontar frå dei to..

Etter gjennomgongen viste John 50 ‘raude’ bilete frå 1x.com, ei nettside som kan vere til stor inspirasjon, også for neste runde i konkurransa. Då er temaet arkitektur. Resultatlista finn du i forumet. Til slutt vart diplom for grunnkurs i fotografering utdelt, og det vart også nevnt at det er få påmeldte til første Lightroom kurs. Så, det er berre å melde seg på : )

Bjørn tennø sitt vinnarbidrag

Kreativiteten var stor, og det vart vist mange forskjellige motiv i den 6. runden i klubbkonkurransen. Kunkurransen spissar seg til, og det er artig å sjå at det dukkar opp nye namn i toppen av lista. Ingen ting er avgjort enno.

Tema i denne runden var raud. 18 bidrag var innsendt, og kreativiteten var stor. Bileta vart vist i tilfeldig rekkefølge, med kommentarar både frå John og frå salen. Bileta blir bedre og bedre, og bedømminga stadig vanskelegare.

Nytt i denne runden var at det vart lodda ut to nyttige fotogjenstandar blant dei innsende bidraga. Ann Helen Krogsæter og Odd Grande vann kvar sin vater til å sette på kameraet. No kjem det sikkert ikkje bilde med skeiv horisont frå dei to.. :). Det vil også bli slik utlodding i dei neste rundene, så her blir det smart å delta..

Resultatliste finnn du i forumet, og bilda kan du sjå i galleriet, så logg inn og studer.

 

Nordic Light og Tidens Krav inviterer til Fotokonkurranse for barn og unge Tema er "Familien min".

Kjenner du noen som går i 1. - 10. klasse, og som er glad i å fotografere? Nå kan vedkommende få bildet sitt stilt ut under Nordic Light festivalen 3.- 15. mai 2011.

Bilde(r) kan sendes inn til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. (husk høy oppløsning). Alle ukesvinnere får bildet sitt i TK, på TK.no og på TKTV

John komponert etter eit sentralt komposisjonsprinsipp.
Tekst: Monica Vatnehol. Foto: Arnold Hoddevik.

Klubbmøtet denne gongen tok for seg komposisjon, eit tema mange hadde sett fram til å lære meir om, og dei frammøtte vart ikkje skuffa. John starta møtet med klassisk musikk, for å illustrere at komposisjon finst i all slags kunst, anten det er musikk, maleri, foto eller anna. Når vi skal komponere eit bilete, set vi saman eller tek vekk element, slik at dei utgjer ei heilheit. Vi avgjer sjølve kva som skal vere med. Som den kjende landskapsfotografen Ansel Adams ein gong sa: “You don’t take a photograph, you make it”Komposisjon er eit vanskeleg og omfattande tema, men om vi kan det, så blir kvaliteten på bileta våre høgare og bileta blir meir interessante å sjå på.

John fortalte kort om historia til fotokunsten, og gjekk så vidare med å fortelje om korleis augene våre vandrar når vi ser på eit bilete. Denne vandringa kan vere behagelig eller rotete. Komposisjonsprinsippa hjelper augene til ein behagelig tur, men av og til kan det imidlertid løne seg å bryte prinsippa for å skape eit overraskelsesmoment. Vi fekk også høyre at eit sentralpunkt er viktig i eit bilete. Manglar sentralpunktet, får vi ei rotete vandring, og vi mistar fort interessa for bildet. Sentralpunktet skal fortelle hovedhistoria i bilete.

Deretter gjekk John gjennom 7 forskjellige prinsipp for å bygge opp bilete, og rundt 20 komposisjonsprinsipp, blant anna det gylne snitt, tredelingsregelen, bokstavar, linjer og former. Komposisjonsprinsippa kjem frå malerkunsten, og vi kan lære mykje av å studere maleri og kunsthistorie. Til slutt vart vi oppfordra til å lære komposisjon, for så å “gløyme” det igjen. Når kunnskapen ligg i underbevisstheita vår, vert den etter kvart brukt automatisk. Som med mangt anna, det er viktig å øve. Følg instinkta dine, og når du bryt prinsippa, ver bevisst på kvifor.

To timar gjekk fort, og foredraget var både interessant og lærerikt.

Foto: Arnold Hoddevik

Det er tid for å fornye medlemsskapet i klubben. Etter vedtektene skal kontingenten vere betalt innan 31. 01., så det vert no sendt ut påminning via epost.

Årsmøtet bestemte å justere opp kontingenten for 2011. Nytt av året er også at studentar no betaler det same som ungdom. Satsane og kontonummer finn du ved å klikke 'Bli medlem'. Slik er det i år.

  • Kr 500 for hovedmedlem
  • Kr 250 for medlem i same familie
  • Kr 250 for ungdom under 18 år
  • Kr 250 for student

 

2011 vert eit aktivt år med mange spennande fotoaktivitetar, nye kurs, konkurransar og gode tema på medlemsmøta. Skulle du likevel bestemme deg for å forlate klubben, må du melde deg ut skriftleg.

Dersom du trass i alle fordelene skulle bestemme deg for å kkje betale kontingenten, vil tilgangen til forum og bildegalleri bli stengt, og du har ikkje lenger tilgang til klubben sine aktiivtetar. Vi i styret håpar du blir med i fortsettinga. Tilstrøyminga av nye medlemmer held fram. Det er allereide fleire som har vist interesse for å melde seg inn i klubben.

Krtikkverdig bilde? Kva tenkjer du når du ser dette. Logg inn i galleriet og kommenter. Foto: Arnold Hoddevik

No kan du laste opp bilde til eit lukka album i bildegalleriet, KritikkTakk. Albumet er usynlig for alle som ikkje er innlogga, så du kan vere trygg på at bilde blir vist berre for medlemmer av klubben.

Albumet er etablert spesielt for deg som kvier for å vise bilde for kreti og pleti, men kan tenkje deg å få tips frå klubbmedlemmer. Alle som lastar opp bilde her, skal få kritkk eller tilbakemelding og konstruktive tips om forbetringar, som kan bidra til positiv utvikling i fotoferdigheiter.Kvi deg ikkje, men last opp bilde, og prøv deg også på å kommentere andre sine bilde. Du lærer også av det. Skriv kva du tenkjer og føler.

Stemning fra Mørkeset fikk 3. plass. Foto: Olav Hustad. Tekst: John Colbensen

Det var stor og god variasjon på bildene i denne runden. Synes at det var god nivåhevning atter en gang, og det var vanskelig å skille mellom flere plasser. Av den grunn er det mange som deler plasseringer denne gang. Faktisk fikk samtlige innsendte bidrag poeng.

Vinneren av denne runden ble Arnold Hoddevik med Trond Edvard Ekroll hakk i hæl på andre plass. Olav Hustad og Svein Ødegård delte 3.plassen.

Resultatlisten finner du på forumsiden, og bildene kan du se i bildegalleriet.

Dårlig eksempel på løsning. Foto: Arnold Hoddevik. Tekst John Colbensen.

Her er altså fargen rød hovedtema. Det finnes massevis av måter å løse dette på, og jeg oppfordrer dere til å være litt kreativ, for det betaler seg ofte. Fristen er satt til lørdag 5. mars klokken 23.59

I denne runden ønsker vi også tittel på bildet ditt. Skriv navnet ditt og tittel på bildet i filnavnet på bildet, f.eks. 'John_Colbensen_traktor.jpg'.

Husk størrelsen på bildet (1024 piksler lengste side) Se forøvrig reglement i forumet

Gråversstemning frå Alnes. Foto: Arnold Hoddevik

Kveldens tema var gjennomgang av dei innsendte bidraga frå 5. runde i den interne klubbkonkurransen. Tema var stemning, og John viste bilda i tilfeldig rekkeføgje, kommenterte, og fekk kommentarar frå salen. Kvaliteten på bilda var denne gongen endå høgare enn tidlegare runder, og det har blitt vanselegare enn før å plukke ut vinnarbildet.

Den enkelte bidragsytaren hadde tolka temaet ulikt, noko som resulterte i eit veldig mangfold av motivvalg og stemningar, alt frå gråver, solnedgang, opprørsk tenåring til leikande barn, impulsiv ungdom og høststemning osv.

Til slutt gjekk John også gjennom 10 nyttige tips å ta omsyn til i forbindelse med konkurransar. Dette stoffet finn du etter kvart på forumsida vår. Logg inn og les.

Eit tjuetals medlemmer hadde møtt fram, og deltok interessert i diskusjonen med synspunkt og kommentarar. Fleire uttrykte etterpå at det hadde vore ein lærerik og nyttig kveld.

Resultatet av konkurransen var ikkje klart til møtet, men vert lagt ut på forumet og galleriet straks det er klart.