Tekst og foto: John Colbensen

"STEMNING" er tema for 5.runde i vår interne klubbkonkurranse. Kanskje synes mange dette er et vanskelig tema, men stemning kan være så mangt: En regnværsdag, en glad unge eller en gråtende unge, en nedfor husmor eller en superglad ektemann, et grått landskap eller et fargerikt sommerlandskap, tunge skyer eller knallblå himmel...søvnig stemning eller våken stemning, hverdag eller fest....osv i det uendelige Som dere skjønner, så kan alle mulige typer motiv sendes inn, bare det gir betrakteren en følelse av en stemning.

Fristen er satt til Lørdag 05.02 kl. 23.59.

Reglene finner dere inne på konkurranseforumet, så logg på og les.

Lykke til! Send inn!!

Nyttårsaften på skodje. Foto: Arnold Hoddevik

For få dagar sidan fekk klubben ei bestilling på ein lysbildeserie frå kommunen. Serien skal inneholde bilde frå kommunen, og brukast til framvising under ein interkommunal konferanse i vinter.

Bilda kan vere alle mulege motiv frå kommunen vår, alle årstider, turmulegheiter, fjord, fjell, arbeidsliv, gatebilde, offentlege bygningar, bustadområde, verdt å sjå, arrangement, osv, osv.

Hugs at personar som er avbilda, og kan identifiserast, må gje sitt samtykke til at bildet blir vist.

Send bilda dine til Arnold så snart råd er, og innan mandag 25. januar. Skriv 'Konferansebilde' i emnefeltet..
Du finn epostadressa til Arnold, dersom du klikkar på 'Om klubben'. Ver nøye med å skrive Konferansebilde i emnefeltet - ikkje noko anna, fordi epostane blir behandla automatisk.

Eksempel på bilde, der fotografen har vendt seg bort frå sola. Foto: Edmund Melkild

Ta gjerne bilde i solnedgang, men snu deg bort frå sola, så unngår du å skape klisjéaktige bilde. Dette var hovedbudskapet til Edmund Melkild under medlemsmøtet mandag.

Edmund viste mange gode eksempel, som illustrerte budskapet. Han viste kor viktig det er å vere klar i rette øyeblikk, fange lyset når det er på sitt beste - akkurat før sola går heilt ned og lyset går over i blått. Sollyset gir nydelig portrettlys, slepelys kan framheve konturar og mønster i terrenget, lyse opp enkelte parti i landskapet, f.eks. toppar som stikk opp, lyse opp steinar og tre, osv, osv.

Ca 28 medlemmer hadde møtt fram for å høyre og sjå Edmund sine enkle tips til betre bilde i solnedgang. Mange ga etterpå uttrykk for at dette var både nyttig, kjekt og interessant å høyre på og sjå eksempel på. Edmund viste mange bilde, men berre eitt av dei viste sola, sløra bak lette skyer og med skarpe silhuettar i framgrunnen.

Vinter. Foto: Edmund Melkild

Tema denne gongen var 'Vinter'. Fleire deltok, og kvaliteten steig igjen. Både morosame og flotte vinterbilde frå mange ulike situasjonar kom inn, både snøkave, akebilde, solnedgang, kos på isen, osv.

Dei tre første plassane vart denne gongen slik:
1. Edmund Melkild
2. Elin Parr
3. Trond Edvard Ekroll

Resten av resultatlista kan du sjå ved å logge deg på brukarforumet, og bilda finn du i bildegalleriet.

Foto: Arnold Hoddevik

Mange tykte dette var eit vanskeleg tema - Fritt motiv - kva er no det? Færre deltok, men dei innsende bidraga var dei beste til no, så konkurransen hardnar til. Kanskje var det også litt vanskelig å bedømme? Det var artig at 3 nye namn dukka opp på samanlagtlista.

Resultatlista starta denne gongen slik:
1. Arnold Hoddevik
2. Trond Edvard Ekroll
3. Edmund Melkild

Resten av resultatlista finn du i forumet, og bilda i bildegalleriet, så logg deg på.

Morgenmagi. Foto: Monica Elise Vatnehol

Tema for 1. runde i den interne klubbkonkurransen Årets fotograf var 'Høst'. Mange hadde vore ute og fanga dei flotte, intense haustfargane. Bildet Morgenmagi stakk av med sigeren i 1. runde. Dei tre første plassane:
1. Monica Elise Vatnehol
2. Mary Ødegård
3. Martin Madsen

Resten av plasseringane og bilda finn du ved å logge deg på brukarforumet. Bilda ser du i bildegalleriet.

Foto: Marianne With Nor

Tema for 2. runde var 'portrett'. Kvaliteten på innsende bidrag stig, så det er tydeleg at konkurranseinstinktet tek til å dukke opp. Vinnarbildet i dene runden haadde eit litt uvanleg og dristig komposisjon, som gjorde at bildet skilte seg ut frå dei andre.

Dei tre første plassane vart:
1. Marianne With Nor
2. Trond Edvard Ekroll
3. Arnold Hoddevik

Resten av resultatlista kan du sjå ved å logge deg på brukarforumet, og bilda finn du i bildegalleriet.

Sein ettermiddagsstemning frå Alnes i sommar: Foto: John Colbensen sin Nikon D300 på stativ med lang lukkartid

John gjekk heilt til topps i den nasjonale fotokonkuransen som Hønefoss Kamera Klubb arrangerte i haust. John fekk full klaff og gullplakett i klassen Beste naturbilde med bildet "Enden", som du ser her.

Han nøyde seg ikkje med det, men fekk også bronseplakett for bildet "Brudd". Litt stas er det også at han vert kobla til Skodje fotoklubb. Kluben gratulerer så masse med resultatet. Vel fortent er det. Vi legg også merke til eit anna lokalt namn, Igor Kostin frå Ålesund Kameraklubb, som fekk sølvplakett for sitt bilde "Bakside av Istanbul" og heiderleg omtale av eit anna bilde.

Denne konkurransen var den 20. i rekkja av nasjonale konkurransar i Hønefoss Kamera Klubb. I alt sende 91 fotografar inn til saman 358 bilde.

Foto: John Colbensen

Vi gratulerer John med ein god 3. plass i 2. runde av konkurransen Årets fotograf, som Biofoto arrangerer. John fekk 34 av 48 mulige poeng for sitt bilde Oppløsningen.

Etter 2 runder ligg ohn på 4. plass samanlagt. Veldig bra.

Du finn meir opplysningar om konkurransen på Biofoto.no.

Kenneth Hjelle demonstrerer synkroniseringskabel, og fortel om blitsbruk på medlemsmøte.
Berre eit mobilbilde denne gongen, men slik går det når "journalisten" tek med seg kameraet uten minnebrikke. Tekst og foto: Arnold Hoddevik

Temaet for medlemsmøtet mandag 6.12. var blits og blitsbruk - ute og inne. Bruk av blits er både enkelt og vanskelig. Kenneth Hjelle gjekk gjennom bruk av blits i forskjellige situasjonar, blits på kameraet, blits borte frå kameraet, bruk av fleire blitsar, både kabel- og trådlaussynkronisering, bruk av fargefilter og anna kreativ bruk av blitsen, paraply og reflektorskjerm, stativ osv. Han hadde også fleire gode tips til billeg utstyr, slik som fargefilter av cellofan, enkel reflektor av papir og ein smart "snoot".

Etter innlegget fekk han mange spørsmål, og det var høve til å studere utstyret han viste fram.

Kenneth Hjelle bur i Skodje, er medlem i klubben og dyktig fotograf. Fleire uttrykkte begeistring for orienteringa. Dette var veldig nyttig informasjon, og fleire ting var enklare enn mange ante.

Kenneth har levert eit glimrande samandrag, som du finn på forumsida, under medlemsmøte i blokka Arrangement. Klikk her for å komme til inslaget. Du må logge inn, men innslaget dukkar opp etter kvart.