Deltakarar på fototuren studerer motiv og bilde. Foto: Marianne Salomonsen

Søndag 22. august var det duka for fotoutflukt til Makkevika og Kvalneset på Giske. Også denne gongen var vergudane litt i mot turen vår, for regnbygene kom ganske tett, men nokre heldt likevel ut.

Rundt 15 medlemmer i klubben møtte fram på parkeringsplassen ved fuglefredingsområdet. Skydekket var lavt, vinden stod inn frå havet, og regnbygene i kø. Ein bra flokk trossa veret, og brukte mest tid på sandstranda på nordsida av Kvalneset. Nokre har allereide presentert blinkskot frå turen. Kanskje skjuler det seg fleire blinkskot blant dei ivrige fotografane.

Bilde henta frå skodje.kommune.no

Skodje fotoklubb deltar med fotoutstilling og presentasjon av klubben på Skodjedagane 25. og 26.9.

Klubben skal lage ei utstilling av bilde tatt av medlemmane. Nokre vert hengt i glas og ramme på veggen, mens andre blir vist på TV-skjerm, som lysbildeframsyning.

Vi reknar med at det vert ei fin utstilling, slik at publikum får lyst å kjøpe bilda

T-skjorte med rund hals

Du kan no bestille T-skjorter med påsydd logo.

Klubben har fått avtale med Merkantil Reklame AS, og skal så snart råd er levere bestilling av T-skjorter med klubben sin logo. Dette blir brodert logo sydd direkte på T-skjorta, så kvaliteten er veldig god. Med dette kan medlemmane profilere klubben. Vi framstår som ein klubb, når vi er på ulike arrangemnet vi deltek på.
Klikk her for å få meir informasjon om plagga og bestilling. Det finst meir informasjon i vedlagde på nettsida til Merkantil AS.

Mystikk i skogen

Moelv kameraklubb inviterer til fotokonkuranse med flotte premiar.

Vedlagte dkokument viser invitasjonen med korleis du går fram og når bilda må vere innsendt. Klikk her for å få meir informasjon om konkuransen.
Sjå også nettsida til kameraklubben her

God illustrasjon av formål og aktivitet i klubben.

Skodje fotoklubb har fått utvikla logo. Vår kjære leiar har stått for det grafiske arbeidet og store deler av tenkinga også.

Styremedlemmane har bidratt med idear og kritikk, men John har gjort alt av både grovarbeid og finarbeid, og fortener både ros og takk.

 

Søndag 22. august er det klart for den første fotoutflukta i haust. Vi møter fram i Makkevika på Giske klokka 18, for å saumfare øya etter blinkskot.

Sjå informasjon og meld deg på på facebookgruppa vår.

Kilde: Norge i bilder.
Parkeringsplass nord for vika

 

Medlemstalet i klubben aukar jamt og trutt. For få dagar sidan vart nr 50 registrert, og det stoppar ikkje der.

Frå fredag 10. september er eit innmeldigsskjema på plass på nettsida. Du finn skjemaet uner lenka "Bli medlem" øvst til høgre på nettsida. Velkommen som medlem i ein aktiv og veksande klubb.

Ein medlem strevar med å registrere sin nye konto. Foto: Ingrid Emma Drøpping

Det er opna for eigen registrering av brukarar i bildegalleriet, og brukarar i diskusjonsforumet må no aktivere kontoen sjølve.

Vi tilrår at kvar enkelt så langt råd er brukar fornamn og første bokstav i etternamnet som brukarnamn på forum og bildegalleri. Arnold har t.d. brukanamn arnoldh

Alle betalande medlemmer kan no sjølve opprette konto. Vi vil nok kontrollere at kontingenten er betalt, og stenge kontoen til dei som ikkje betaler kontingenten.

Ein medlem strevar med å registrere sin nye konto. Foto: Ingrid Emma Drøpping

Det er opna for eigen registrering av brukarar i bildegalleriet, og brukarar i diskusjonsforumet må no aktivere kontoen sjølve.

Vi tilrår at kvar enkelt så langt råd er brukar fornamn og første bokstav i etternamnet som brukarnamn på forum og bildegalleri. Arnold har t.d. brukanamn arnoldh

 

 

Alle betalande medlemmer kan no sjølve opprette konto. Vi vil nok kontrollere at kontingenten er betalt, og stenge kontoen til dei som ikkje betaler kontingenten.

Utklipp av nettside, som viser bildegalleriet

Bildegalleri er installert og klart til bruk.
Bildegalleriet gir medlemmane høve til å laste opp og presentere bilda på ein flott og oversiktleg måte. Almenta kan sjå kva bilde som finst, og klubbmedlemmer kan kommentere og gje karakterar til bilda.

Av sikkerheitsomsyn skal administratoren for galleriet registrere medlemmene som brukarar. Det er berre betalande medlemmer i klubben som kan vere registrert brukar av galleriet. Eigenregistrering er derfor stengt.