8. april 2010 vart Skodje fotoklubb stifta i sitt første ordinære årsmøte. På førehand hadde ein minst like stor flokk valgt eit interimstyre. Med få endringar vart styret sine forslag einstemmig vedtekne.
Interimstyret la fram forslag til styre, vedtekter, namn på klubben, kontingent og innmelding i Norsk Selskap for Fotografi (NSFF). Meir enn 25 interesserte personar møtte fram for å vere med på dette historiske møtet. Det nye styret fekk i oppdrag å registrere klubben i Einingsregisteret, opprette konto i bank, kreve inn kontingent og melde klubben inn i NSFF