Flow av Monica Elise Vestre

Namafjall av Hilde Sørdal

Life and death av John Colbensen

Novembermøtet til Skodje fotoklubb hadde Island som tema. Tre av klubbmedlemmane har i løpet av siste månadane vore ein tur til Sagaøya. Sist torsdag skulle dei fortelle og vise eksempel på kva dei vart fasinerte av, på denne fantastiske øya.

Først ut var Monica Elise Vestre som viste litt av det du kan få med deg i den sørlege delen av landet. Vakre naturbilde frå kysten og innlandet viste at fargane og lyset på Island både er intense og skiftande.

Så var det underteikna sin tur. Turen vår gjekk med bil langs Rv 1 med start og stopp i Reykjavik. 11 dagar på ein slik rundtur er eit minimum, men du får då med deg dei mange ulike landskapsformene og naturfenomena som er særeigne for Island.

Til slutt var det John Colbensen som gjennom sin bildeserie og fortelling presenterte både dei typiske turistmagnetane og nokre meir bortgøymde naturskattar på Sør-Island.

Alle bidragsyterane denne kvelden kan tenke seg å reise tilbake til Island, og vil anbefale dei som ikkje har vore der, å ta seg ein tur. At Island har mykje å by på, både når det gjeld natur og historie, er det ikkje tvil om.

Etter presentasjonane var det gjennomgang av bilda i 2. runde i klubbkonkurransen. Tema var vennskap - kanskje ikkje det enklaste å formidle gjennom foto. Av dei 16 bilda som var innkomne, var det følgjande fem som kom på resultatlista. 1.plass ”Bestevenner” av Monica Elise Vestre, 2. plass ”Sisters”, Kenneth Enstad, 3. plass "Friends on ice”, Kenneth Enstad 4. plass ”Søstre” Monica Elise Vestre, 5. plass «Venskap», Elin Parr.

 

TING I TIDEN Til slutt nokre påminningar om diverse aktuelle saker.

Neste runde i klubbkonkurransen har tema Stilleben, innlevering 4. desember

Neste klubbmøte er torsdag 12. desember Dette blir ein aktiv fotokveld.

Julebord for klubbmedlemmane på Fagerheim fredag 13. desember.

Ny flott fotobok, Art of Sunnmøre, - tre av medlemmane i Skodje fotoklubb har med bilde her; Geir Jartveit, John Colbensen og Kenneth Enstad.

Tekst: Hilde Sørdal