|
På medlemsmøtet 25.09. kan du få ei oppfrisking av kunnskapane om korleis du kan utnytte programmet Adobe Photoshop Lightroom på ein effektiv og god måte.
Kanskje du har gått kurs, men syns du ikkje får det heilt til, eller du har gløymt deler av det som vart gjennomgått på kurset. Kanskje du ikkje har gått kurs, men er nyfiken på kva programmet kan gje deg? Her er sjansen til å få ei rask innføring eller oppfrisking.
Arnold, som har skrive to lærebøker om bruk av Lightroom, går gjennom tips og triks om organisering og framkalling av bilde ved hjelp av Lightroom.
Tekst: Arnold Hoddevik
|