Arnold og John framfor årbokutstillinga. Monica sitt bilde av ferja i snøkave ser du bak oss. Foto: Monica Elise Vestre
|
Utsendingane frå Skodje fotoklubb er på plass i Elverum, og nasjonalt fototreff 2014 har allereie starta. Stor spenning knyter seg til resultata av NM, og desse blir kunngjorde laurdag kveld. Laurdag er det landsmøte.
Torsdag kveld fekk vi eit lite innblikk i kva som blir premiert i NM, men ingenting om rekkefølgja. Den kjem først laurdag kveld. Vi fekk likevel sjå at Skodje fotoklubb truleg kjem til å få ei historisk god plassering på resultatlista. Kanskje vi kan klatre på lista? Fleire av medlemmene i klubben vil også bli fornøgde, trur eg.
Så langt veit vi at i alt 8 av våre bilde blir premierte eller får hederlig omtale. Kanskje får vi også nokre antatt i tillegg til dei 8? Fire autorar kan komme til å lese namnet sitt langt oppe på resultatlistene.
Føl med, føl med. Meir informasjon kjem etter kvart.
Tekst: Arnold Hoddevik
|