Scootergirls in Villa Joysa. Foto: Synnøve Tveten Broum

Dette er det store spørsmålet torsdag 25. 09. Første runde i klubbkonkurransen er juriert, og torsdag får vi resultatet.

Det vart levert inn i alt 32 arbeid til denne runden, der temaet var fritt motiv. Forskjellige typer bilde deltok, og det er spennande kven som dreg av med seieren i denne første runden.

Eit anna spenningsmoment er kven som trekkjer det heldige loddet, og får eit valgfritt ferdig utskrive bilde på aluminium frå Sponland. Det er nytt av året - alle som deltek i klubbkonkurransen er med i loddtrekkinga av eit bilde utskrive på aluminiumsplate i storleiken 40x60 cm. Den heldige vinnaren vel sjølv kva for eit bilde som skal skrivast ut.

Fleire andre spennande saker skjer på kommande medlemsmøte, så møt fram. Les andre artiklar om det som skal skje på medlemsmøtet.

Du finn alle arbeida som deltok i første runde ved å klikke her. Føl med, føl med - meir informasjon kjem.

Tekst: Arnold Hoddevik