www.arnoldfoto.no |
Nesten alle digitale kamera kan ta opp film, men korleis går du fram for å skape ein god video filma med digitalt kamera, enten det er speilrefleks, kompaktkamera eller mobiltelefon? Dette kan du få ei innføring i på kommande medlemsmøte i Gomerhuset, den 25. september. Ein av våre medlemmer, Håvard Løken Nystøyl, er aktiv i filmmiljøet i Ålesund smalfilmklubb. Han vil vise oss korleis du filmar, og korleis du får til ein bra videofilm. Denne uredigerte og korte filmen er berre eit dårleg eksempel på korleis du kan bruke digitalkamera til filming. Traktoren i filmen høyrer til på Skodjereite, og gjekk under namnet "Reitekamelen" Tekst: Arnold Hoddevik |
