Frå venstre: Arnold, Paul, Stein, Hilde og Kari i ivrik og konsentrert studie av Lightroom sine mange eigenskapar <pSkjermbilde henta frå Lightroom
|
I løpet av tre veker har 11 deltakarar nettopp gjennomført eit 12 timar langt kurs i bruk av Adobe Photoshop Lightroom 3. 3 interesserte, vitebegjer- lege og ivrige grupper har holdt instruktøren i øyrene, og stadig utfordra med krevjande og tildels vanskelege spørsmål. I løpet av kurset har deltakarane fått grundig innføring i import av bilde, organisering av bilde i samlingar, bruk av nøkkelord og metadata til å finne att bilda effektivt, redigering av bilde, slik som korrigering av fargestikk eller kvitballanse, oppretting av horisont, gradert filter/fargefilter, fjerning av raude auge, kontrast, støyfjerning, konvertering til svart/kvitt, eksponering, skarping, osv. Til slutt vart lysbildeshow, utskrift og webgalleri gjennomgått. Adobe Photoshop Lightroom er eit program utvikla for å tilfredsstille kravstore profesjonelle fotografar sine krav til effektiv organisering og enkel redigering av dei vanlegaste justeringane i bilda, og dessutan utskrifter, lysbildeframvisningar og webgalleri.Programmet er no i versjon 3, med mange svært gode forbetringar sidan versjon 2. Alle som har delteke på kurset, kan gjennom sitt medlem i fotoklubben få kjøpe programmet svært billeggjennom fotoklubben i høve til butikkpris, berre 1100 kroner, mot vanleg pris ca 2800. Tilbakemeldingane på kurset har vore veldig positive. Det vil mest truleg bli nye mulegheiter til å gjennomføre dette kurset også neste år. |