Slitne fotografar kviler ut ved Brosundet.
Jugendsenteret. Foto: Arnold Hoddevik.
Tekst: Monica Vatnehol

10. april var det Ålesund som var målet for utflukta vår, og 7 stk. møtte fram for å utforske byen. 15 grader og opphaldsver gjorde sitt til at det vart ein behageleg tur denne gongen, men himmelen var nokså grå og lyset ikkje det beste.

Vi starta i området rundt Skansekaia med statuer, minnesmerker, moderne bygningar, gamle trehus og hurtigruteanløp. Mange motiv, både høgt og lavt, og enkelte fekk også teste gamle tyskkunnskapar. Eit tysk ektepar ville bli fotografert foran hurtigruta, og lurte på om det skulle skje noko spesielt, sidan vi var så mange fotografar på kaia...

Etter Skansekaia gjekk ferda vidare til Brosundet. Nokre fotograferte sundet, andre arkitekturen og atter andre prøvde seg på panorering av måsar.

Ålesund er ein vakker by, med utruleg mange flotte motiv. Kanskje fleire skulle prøve å leike turist i eigen by... ; )