Vinnar av 7. runde - eit vel gjennomført studie av Samfjordgårdane. Foto: Monica Vatnehol
|
Tema for denne runda var Arkitektur. Det viste seg å vere ei utfordrande og vanskeleg oppgåve for mange. Etter runder med jevn nivåstigning, tok stigninga ei lita pause. 16 bidrag var innlevert, og alle bilda vart vist og kommentert. Denne gongen var det ikkje John som bedømte bilda, men derimot tre fotovener i Belgia, Ukraina og Filippinene. Dei tre skal også bedømme bilda i dei to siste rundene av konkurransa. I runde 8 er tema reklame og i siste runde er tema ein serie på tre bilder med fritt motiv. To oppgåver som utfordrar deltakarane til å tenke kreativt og nytt, dvs. ikkje leite i arkivet... Kven som til slutt får tittelen som årets fotograf i Skodje Fotoklubb får vi vite på medlemsmøtet 30. mai. Meir informasjon om dei to neste rundene blir lagt ut i forumet.
Til slutt vart det snakka litt om kurs, utflukter og konkurransar. Tilboda er mange, og medlemmane blir oppfordra til å ta del i dei aktivitetane som er i klubben. Neste på planen er utflukt til Ålesund søndag 10. april. Ei helg med overnatting på Ulla i mai, er også under planlegging. I tillegg har vi tilgang til bildefagsrommet fredagar, og her kan medlemmane sjølve ta initiativ til å treffast og til kva som skal stå på planen. Når det gjeld konkurransar, så er det ein fin måte å lære på, og John oppfordra oss til å delta i den store landskonkurransa til NSFF. Frist for innlevering er 15. april, og informasjon om denne konkurransa finst på heimesida til NSFF.
|