John Colbensen fekk takk, blomster og applaus for at han tok initiativet til å få i gang fotoklubben og for innsatsen så langt. |
Fredag 21.01.2011 gjennomførte klubben årsmøte for 2. gong. Berre 16 med- lemmer møtte fram. Dei frammøtte var imidlertid engasjerte i sakene, og foreslå endringar i styret sine framlegg til vedtak, men alle vedtak var einstemmige. Årsmøtet vedtok einstemmig endringar av tre paragrafar i vedtektene. Merk at frå 2011 gjeld medlemsskap frå 1.11. også for påfølgande år. Studentar med gyldig studiebevis skal no betale halv kontingent, på same måten som familiemedlemmer og ungdom under 18 år. Årsmøtet gjekk også inn for å heve kontingenten til 500 kroner for vanlege medlemmer og til 250 for familie/ungdom/studentar. Den viktigaste grunnen til dette er at klubben frå 2011 må betale full kontingent til NSFF. Svein Ødegård og Lillian Larsen gjekk ut av styret, og inn kom Monica Elise Vatnehol og Martin Madsen. Styret vart også utvida med 2 varamedlemmer. Årsmelding vart godkjent med retting av nokre få faktiske feil, og rekneskap uten merknader til resultatet, men med eit tillegg i teksten på ein av postane. Møteprotokoll kan lesast på forumsidene, eller du kan klikke her for å komme til protokollen - via innlogginga. Last ned årsmelding her Etter årsmøtet samlast årsmøtedeltakrane til eit festleg spleiselag. Det vart servert elggryte med ris og salat og kake med kaffe. John og Arnold viste lysbildeseriar til inspirasjon og underholdning. Praten gjekk ivrig rundt bordet til over midnatt. Dei som ikkje vart med på dette arrangementet, kan berre angre. |