Marianne With Nor sitt bilde Runaway girl
Kjersti Lausund sitt bilde David vs Goliat
Trond Edvard Ekroll sitt bilde Harmony |
28 medlemmer av Skodje fotoklubb var på plass i kultursalen då John ønska vel møtt etter sommarferien. Eit par nye medlemmer vart i tillegg ønska velkommen i klubben. Først på programmet stod gjennomgang av konkurransebilda i august. Tema for runden var FRITT MOTIV og 25 medlemmer hadde sendt inn bidrag. Konkurransen om å bli årets fotograf 2012 har 11 rundar og poengfordelinga er endra i forhold til tidlegare. No blir dei fem beste rangerte, og i tilegg kan juryen anta eit fritt antal bilder. Meir om poengskalaen finn du her. I første runde stakk Marianne With Nor av med seieren, framfor Kjersti Lausund og Trond Edvard Ekroll. Sjå meir om resultata her. Etter ein pause med heilt enkel servering og fotoprat, fekk forsamlinga ein steg-for-steg-leksjon i korleis ein går fram for å sende inn bilde til Landskonkurransen til NSFF. Målet er at minst 20 av dei 85 medlemmane i Skodje fotoklubb skal sende inn bilde til ”NM” i fotografering. Registrering og opplasting av bilda skjer på www.nsff.no og fristen er 15.oktober. Men dersom ein skal delta i klassen for ”Papir”, skal alle bilda i tillegg til å lastast opp, printast ut og sendast samla frå klubben. John er koordinator og fristen for levering av papirkopiar, er innan 20. september, dvs på neste klubbkveld. For å støtte opp om breid deltaking, vil fotoklubben dekke ein del av printkostnadane. Sjå meir om innsending av foto til Lansdskonkurransen her. Styret oppfordrar alle klubbmedlemmer til å delta og torsdag 6. september er alle som vil, velkomne til uformell bildekritikk på musikkrommet kl. 19:00. Her kan ein ta med bilde som ein vurderer å sende inn og få tips og synspunkt på kva bilde som kan hevde seg. Meir her. Elles var det også denne gongen ein del info om Ting i tiden. Kalenderprosjektet. Ei gruppe i klubben med Arnold Hoddevik i spissen, er no så godt som ferdige med Skodje fotoklubb sin kalender for 2013. John viste det foreløpige resultatet. Det har vore mykje jobbing, men trass i ein litt sein start kjem prosjektet i mål. Kalendergruppa fekk mykje ros for innsatsen og produktet. Den endelege kalenderversjonen finn du her. Dersom kalenderen blir godt tatt i mot og ein får selt heile opplaget, vil dette verte ei god inntektskjelde for klubben. På den måten kan ein ha råd til å leige dyktige og kjende fotografar til foredrag og workshops. Har du tips til kven som kan vere aktuelle å engasjere, så vil styret gjerne høyre om det. Skodjedagane. Klubben skal ha stand på Skodjedagane helga 15. og 16. september. Då skal bilda som representerte klubben under Nordic Light stillast ut og i tillegg skal ein selge kalenderen. Det er framleis behov for nokre vakter, så styret oppfordrar medlemmene om å melde seg til Monica for å gjere ein totimers innsats for klubben. Klubblokale. Styret har vurdert to bygningar med tanke på framtidig klubblokale. Det eine, på Mørkeset vart funne ueigna pga parkerings og sanitærforholda. Det andre, på Stette, treng så mykje oppussing at det vert vurdert som uaktuelt av den grunn. Haustturen til Eikesdalen; - her er det lite påmelding, så dersom denne turen skal bli noko av, så må medlemmane vere snare å gje beskjed til Monica. Frist er 31.august. Meir om turen i infomail frå Monica og her. |


