Marit viser den populære bildeputa. Foto: Arnold Hoddevik

Også eit populært produkt vi kan bestille gjennom Sponland. Foto: Arnold Hoddevik

Kø ved ein av stasjonane. Foto: Arnold Hoddevik

Torsdag 4. desember var det duka for ein ny omgang med kreativ kveld, men vi fekk også besøk frå Sponland Foto i Ålesund, noko som skulle vise seg å innehalde ei positiv overrasking.

Marit frå Sponland Foto hadde med ei heil kasse med produkt vi kan bestille gjennom Fotoworld.

Ho forklarte om utskrifter på aluminium, akryl, lerret, papir, krus, puter, osv. Ho viste fram puter med gamle bilde frå Ålesund, noko som har blitt ein populær artikkel. Dekkebrikker med eigne bilde eller eit krus med bilde på er også populære artiklar, og ein ny plass å ha bilde på.

 

Ei veldig positiv overrasking var at alle frammøtte fekk gavekort på fotobok.

 

Etterpå var det duka for kreativ fotografering ved fleire stasjonar rundt om i rommet. Dei som ikkje hadde høve å vere med sist, fekk prøve på artige vinklingar og motiv, slik som olje og farge i vatn, akvarium, forskjellige små effekter og kostyme som John hadde med, osv.

 

Iveren var stor, og det vart sikkert skapt bilde som vi kan komme til å få sjå att i ulike samanhengar.

 

Konkurranseresultata vart denne gongen lagt ut før klubbmøtet. Tema i 3. runde var "Street", og jury var Trondhjems Kameraklubb.

Marit stakk av med seieren og har no ein ganske solid ledelse foran John som tok 2. plassen denne runda. 3. plassen gjekk til Malvin, 4. plassen til Kenneth og 5. til Geir. Geir og Malvin fekk i tillegg eit antatt bilde kvar.

Vinner av printet frå Sponland Foto vart Ingeborg. Gratulerer alle :)

For bilde/sammenlagtliste, sjå galleriet/forumet.

Tekst: Arnold Hoddevik