Kart over Skodje kommune. Kilde: www.norgeskart.no

Skodje fotoklubb skal produsere og levere foto til ein bildebank til bruk for Skodje kommune.

Avtalen som klubben har inngått med kommuna er i korte trekk følgjande; Skodje fotoklubb skal levere 100 høgoppløyste fotografi til fritt bruk for Skodje Kommune. 15-20% av bilda skal vere miljøbilder frå td. skule, barnehage og omsorgssenter. Dette tar John seg av. Det blir lagt vekt på at personar på bilda ikkje er gjenkjennelige, eller at bilda er arrangerte med personar som er gjort kjent med bruken. 20-25% av bilda skal representere andre tjenester som kommunen yter, t.d. renovasjon, vatn, avløp. 30-40% av bilda skal vise bygningar, kjennemerker, stader, landskap, natur, osv. som kan knyttast til kommunen. Dei resterande bilda skal vere i gruppa ”diverse”, dvs vilde som kan illustrere case-by-case; for eksempel hus under oppføring, kraftlinjer, hol i vegen, nærbilder av sopp eller bær, manipulerte bilder, osv. Klubben får kr. 15.000,- for oppdraget. Ved bruk av bilda skal Skodje Fotoklubb krediterast som fotograf. Det kan også vere aktuelt med vidare påfyll av bilder til bildebanken, vi kan f.eks. få ei intensjonsavtale om å levere 20-30 bilder pr. år dei nærmaste åra.

Så då er det berre for medlemmane å gjere to ting: Gå ut og fotografere og/eller leite igjennom bildesamlingane sine; - og i begge tilfella tenke at motiva skal vere i tråd med det som er skissert ovanfor. Det vil verte oppretta ei "postkasse" på NSFF sine sider for innlevering. Kvar medlem kan levere inntil 12 bilder innan fristen 30/11-2012. Håvard Hopland, Trond Edvard Ekroll og Hilde Sørdal vil så gå gjennom bilda og velge ut kva bilde vi presenterer for Skodje kommune. Når/dersom Skodje kommune seier seg fornøgde, kan dei ta bilda i bruk frå 2013.

 

 

Tekst og foto: Hilde Sørdal