Martin Madsen får overrekt kursbevis og boka Adobe Photoshop Lightroom 3 - Enkelt forklart. Foto: John Colbensen, Tekst: Monica Elise Vatnehol.

 

Kannesteinen. Foto: Arnold Hoddevik

Registrer deg i forumet ved å klikke her

Ålesund kameraklubb inviterer til nasjonalt fototreff

Medlemsmøtet 24.01. vart åpna med overrekking av kursbevis og brukarmanual for alle som gjekk på Lightroom-kurs hausten 2010. Manualen blir nok til god hjelp når ein skal utforske programmet på eiga hand, og skal visstnok vere så bra at den burde selgast til Adobe...

Etter overrekkinga gjekk Arnold over til å vise bilete frå ein flott tur til Vågsøy kommune sist vår. Bileta tok oss med til Måløy, Kannesteinen, Hendaneset, Kråkenesfjellet og Kråkenes Fyr m.m. Storslått natur og mange flotte motiv gjorde at fleire av medlemmane uttrykte ønske om ein tur til Kråkenes...kanskje ein idé for ei fotoutflukt for klubben ein gong?

Bruken av nettsida til klubben var neste tema. Arnold forklarte kva informasjon som finst der, korleis ein lagar innlegg og legg inn kommentarar, korleis ein lastar opp bilete, enkel redigering av bilete, avatar m.m. Delar av sidene er offentlege, men for å få tilgang til forumet må ein logge inn. Alle medlemmane vert oppfordra til å registrere seg og ta i bruk sidene, slik at vi kan få eit aktivt miljø i klubben.

Til slutt vart det vist ein DVD som Ålesund Kameraklubb har laga med bilete frå Ålesundsområdet. Bileta tok oss med gjennom årstidene, og ga eit flott inntrykk av byen. Ideen om å lage noko liknande om fotoklubben og/eller Skodje kommune vart lufta. Eit langsiktig prosjekt som kan vere både lærerikt og engasjerande for medlemmane i klubben.

Det vart også nevnt at Ålesund Kameraklubb i år er medarrangør av NSFFs nasjonale fototreff i starten av juni. Meir om dette kan ein lese på nettsidene til NSFF.