Magnar Fjrøtoft i aksjon. Foto: John Colbensen


John Tusvik i aksjon ved hotellet. Foto: John Colbensen

Helga 21. - 23.10. var avsett til workshop med Magnar Fjørtoft, og ca 30 deltakarar frå klubben hadde meldt seg på til denne spesielle helga - tre dagar på rad med Magnar Fjørtoft. Fredag kveld vart brukt til gjennomgang av teori, størsteparten av laurdagen til praktisk øving i bruk av lærdomen, og søndag til gjennomgang av resultata til alle håpefulle fotografar.

Eit av hovedbudskapa til Magnar var at vi må arbeide meir med bildeinnhold, ikkje det datatekniske. Bildekommunikasjon er vanskelig! Korleis kan vi forholde oss til bildet, fremme vår eigen kreativitet og ta bilde ut frå oss sjølve, og ikkje for å tekkast andre?

Magnar gjekk gjennom mange forhold som kan påvirke kommunikasjon, slik som perspektiv og korleis dette virkar på ulike motiv, manipulasjon, bevegelsar, lang lukkartid og korleis det kan påvirke innholdet i bildet, studiofoto, osv. Magnar tok oss også med ein tur gjennom kunsthistoria og fotohistoria, og forklarte korleis maleriet har bidratt til innhold og komposisjon i fotografiet. Kunsthistoria gir oss innhold i bilda, mens fotoutdanninga er meir teknisk prega. Han meiner derfor at kunsten bidrar i stor grad til betre bildekommunikasjon. Den praktiske delen av kurset gjekk føre seg i Ørskog. Tanken var å øve på perspektiv, komposisjon og panorering. Brått dukka Ola Sønderland opp, og låste opp hotellet for oss, så då gjekk mykje av tida med inne i hotellet.

Mange sette stor pris på tilbakemeldingane som Magnar ga på bilda i løpet av søndagen. Han var nok ein snillare kritikar enn fleire i klubben, men dette ga også mulegheiter til å sjå bilda på nye måtar. Ei spennande, interessant og annleis helg vart dette.