Veiledningi praksis. Bård Løken forklarar korleis bildet kan gjerast betre. Signe, Jon og Bjarne føl ivrig med. Foto: Arnold Hoddevik
Takk for ei strålande fin helg. Primus motor for workshopen, John Colbensen takkar Bård Løken for innsatsen. Foto: Arnold Hoddevik
Parti frå Alnes. Vått og surt, men det gir ofte eit godt lys. Foto: Arnold Hoddevik
|
Endelig var helga der. Den kjende naturfotografen Bård Løken var invitert til å ha workshop i Skodje, og det var enorm pågang. I løpet av 1,5 timar var det fullteikna, så vi måtte til med kreative løysingar for å få plass til fleire. Forventingane var store då 24 deltakarar benka seg fredag 25.10.
Bård innleia helga med ei framvising av nokre av sine bilde fredag kveld. Laurdag var alle deltakarane ute i regnveret på Alnes, og prøvde etter beste evne å praktisere det Bård hadde lært bort fredag kveld. Søndag gjekk med til utvelging og redigering av bilda. Kvar deltakar fekk vise fram dei aller beste bilda frå laurdag, og fekk konstruktiv kritikk frå Bård og dei andre.
Bård Løken er ikkje som mange andre naturfotografar. Han likar ein sakte stil, og brukar alltid stativ. Det gir han ro, og han kan studere eit motiv frå mange vinklar. Han likar godt å jobbe med vatn, noko vi fekk sjå under fotogrferinga ved Alnes.
Lys er avgjerande, og det er viktig å sjå etter lysforhold og fargekombinasjonar. Dra gjerne andre plassar til andre tider enn alle andre. Det gir deg bilde som ikkje alle andre har, og det kan av og til dukke opp noko spesielt. Det er ikkje alltid han finn det han dreg ut for å finne, men finn gjerne noko anna. Det er viktig å vere open.
Bård Løken vart godt motteken, og mange medlemmer vart veldig imponerte over det dei fekk sjå av bilde, og det dei fekk lære. Helga var ein stor inspirasjon for alle som var med.
Tekst: Arnold Hoddevik
|