Flott fototur til Namsskogan.
Fredag den 3. mars reiste seks medlemmer av Skodje fotoklubb til Namsskogan familiepark for å fotografere ville dyr i fangenskap. Det er langt å køyre og veret undervegs var heller ikkje av det beste. Full vinter med storm i kasta og snøføyke midt i mot. Vi stoppa på Harran camping og åt ein betre middag ein halvtime før siste stopp. Men vi kom oss fram utan uhell og vår trofaste guide Kristin Smestad var på plass og orienterte oss om programmet i helga. Etter ei god kald ei, var vi klar for bildeframsyning av dyrelivet i Namskogan. Kristin og dyreansvarleg i parken fortalde om opphavet til dyra, om lynne, oppfølging og adferd, sjukdom og om vidare planer for parken. Mange såg spesielt fram til å fotografere raudreven, men dessverre, begge hadde fått kreft og var døde.
Dagen etter snøva det kraftig med snøfokk, men akkurat slik som vi ønska det. Med fotoapparat som tek 20 bilder i sekunder, var det få som gjekk glipp av noko. Bra det var kaldt i lufta, elles hadde det vel gått varme i fotoapparatet. Tusenvis av bilder kom på brikka av vinterkledde dyr. Dessverre ville ikkje ulven kome fram, verken laurdagen eller søndagen. Men gaupa, jerven, rein, fjellreven og mange fleire var der. Godt fornøgde med dagen, såg vi fram til ein god middag med ølsmaking på Skorovatn pub. Vinden friska på og enkelte av dei lokale antyda det nesten ikkje var ansvarleg å ta laust i dette veret. Men med ein dyktig lokal drosjesjåfør kunne ingen stoppe oss. Det vart ein kjekke kveld med mykje latter, sang og gode historier. Heilt klart at den sosiale biten er minst like viktig som fotograferinga.
Dagen etter var vi oppe kl. 08 for å få med det beste lyset. Det var minus 14 grader og eit nydeleg vinterlys, akkurat som vi hadde bestilt. Vi kunne ikkje fått eit betre og variert fotover enn vi fekk denne helga. Etter to timar var vi fornøgde og vi gjorde oss klare for heimreisa, ryggsekken full av flotte bilder og gode minner frå turen.
Tekst og bilder: Marita Lausund