Maja Moan er 27 år. Født i Tromsø men oppvokst på Hvaler. Starta med landskapsbilder, og etter kvart gått over til portrett, musikk og bryllupsfotografering. Vegen fram frå å vere hobby fotograf til profesjonell i dag, har ikkje komt av seg sjøl. Beinhard jobbing, feiling, nedturer og oppturer.

Var tidleg ute med blogg, likte å skrive og samtidig tok bilder som ho la ut på sosiale medier og fekk mange  følgere der. Gjekk på videregåande skule i Tromsø og hadde ei periode der  fotoapparatet vart mykje brukt. Tok bilder av nordlys, landskap, men likte også å ta kreative portretter som ho fekk gode tilbake meldinger på. Dette var med på at ho begynte å ta kontakt med influensere og artister og andre kjente personer. Maja såg at den og den skulle gifte seg, sendte meldinger og mail, fortalde om seg sjøl og at ho gjerne ville fotografere og ta portretter. Etter eit par år med nesten gratis arbeid og intenst pågående arbeid, fekk ho av og til napp. Maja brukte sosiale medier og fekk etterkvart innpass og ein fot innafor nettverket.

Starta på fotoskule i Oslo, men slutta etter nokre månader, då ho fekk eit godt tilbud frå ein kjent artist om å vere med på turne.

Slik starta det profesjonelle livet til Maya. I tillegg til fotografering, måtte ho ta seg av økonomi og markedsføring, svare på hundrevis av mail kvar dag, promotere på Instagram. Måtte heile tida vere på for å få gode oppdrag. Dette krevde masse tid.

Men no Maja får lønn for strevet. Namnet Maja blir etterkvart godt kjent og på Instagram kunne alle no sjå fantastiske bilder som ho hadde tatt frå turneer, festivaler, konserter og bryllup. Dette gjorde sitt for at oppdrag stod i kø og det vart ei tid med knall hard jobbing, stress og lite sømn. Ein dag går turen til India for oppdrag, deretter til Thailand, og så heim til Norge for bryllup.

Det mest kjente bryllupet var  bryllupet til Martha og Durek som gifta seg i Geiranger. Som den einaste fotograf utanom Netflix og Hallo  Magasin, opplevde Maja dette som eit ærefullt og stort oppdrag, men krevende og med masse kjærlighet i fokus i heile fire dager. Mange bilder vart tatt, og Maja får dessverre ikkje vise disse offentleg pga. kongeleg deltakelse. Men på Instagram @majamoan, ligg fantastiske bilder som alle kan  gå inn å sjå på. Berre å nyte!

 

Skriver Marita Lausund.