Framside i turkalenderen for 2013. Foto: Hilde Sørdal

Sykkeltur til Straumen. Foto: Svein Ødegård

Utsikt frå Rødlandstua mot Skodje. Foto: Martin Madsen

Ei gruppe i fotoklubben har redigert og sett opp turkalender for Skodje for 2013. Eit av måla er å få folk meir ut på tur, og dermed få betre helse. Prosjektet er støtta av Skodje kommune, som fortener stor takk for at dette vart råd å gjennomføre.

Ideen bak å lage denne kalenderen er at folk skal ta det fantastisk flotte terrenget i Skodje meir i bruk, komme seg ut på tur og få betre kondisjon og dermed betre helse. Kommunen likte ideen så godt, at dei ga tilskot til prosjektet. Det støttar opp under målsettinga for betre folkehelse for innbyggjarane i Skodje, og de vil bidra til betre kunnskap om landskapet i kommunen.

Fotoklubben håpar også å få inntekter til drifta. I sin tur vil vi kunne få betre kunnskap om foto, ved at vi kan få tak i gode foredragsholdarar og instruktørar til klubben, og såleis skape meir aktivitet omkring foto blant medlemmane i klubben. Dette vil også kunne bidra til betre og meir dokumentasjon av hendingar, landskap og kultur.

Her kan du laste ned ei førehandsvising av kalenderen.

Her kan du bestille kalenderen.

Her kan du laste ned pressemelding.