Ein ivrig gjeng i Sandvika.
Samarbeid er smart på utflukt
Enkelte er modigare enn andre... Luftig fotografering på Haramsfjellet.
Tekst og foto: Monica Vatnehol
|
21.-22. mai var det endeleg klart for årets høgdepunkt i Skodje Fotoklubb, ein todagars tur til Haramsøy og Longva. Vi var 15 forventningsfulle medlemmar som møtte opp på fergekaia på Skjelten for å ta 10.30 ferga til Haramsøy laurdagen. På ferga møtte vi ein journalist frå Haramsnytt, noko som resulterte i eit fint lite stykke om fotoklubben i fredagsavisa denne veka.
Etter innlosjering i hyttene ved Gunnabuda, gjekk turen til Ulla fyr. Eit flott område med mange og varierte motiv, frisk vind og dramatisk himmel. Timane gjekk fort og bilda vart mange.
Deretter var det Sandvika som stod for tur. Her vart det både landskap og makro...ei nydeleg sandstrand omkransa av markar fulle av blomar og hårete åmer. Det var mange som kraup i graset etter kvart...
Etter å ha vore ute i mange timar, var det godt å kome tilbake til hyttene. Det var klart for bacalao og sosialt i publokala inne på Gunnabuda. Dei beste bilda frå kvar enkelt vart vist på lerret og kommentert, før det vart trekt ut tre tilfeldige vinnarar av kvar si flotte fotobok, Eksotiske Norge av Johnny Haglund. Tre spreke damer, Linda Håhjem, Marianne With Nor og Mary Ødegaard vart dei heldige vinnarane. Etter middagen fortsatte praten og latteren i hyttene til langt på natt...
Søndag var det pakking, og så tid for meir foto. Denne dagen var vi meir spredd, men enkelte av oss køyrde over Haramsfjellet og ned til rullesteinstranda på Haram. Ein spanande og flott tur, og tida gjekk fort denne dagen også...:)
Alt i alt var det ei strålande helg. Det vart mange bilder, vi lærte av kvarandre, fekk flotte naturopplevingar, og ikkje minst så vart vi bedre kjent med kvarandre. Til hausten blir det ny tur, og vi er nok fleire som gledar oss allereie :)
|