Fredag 4.11. til søndag 6.11. går årets mest spennande og lærerike fototur til Selje, Ervik og Hoddevik. Vi besøker Thomas Bickhardt og det nye spektakulære galleriet hans i Selje. Thomas Bickhardt skal også ha workshop om stormfoto med oss, så dette blir spennande og lærerikt.
Ikkje uroe deg for å gå glipp av cupfinalen. Du rekk lett heimatt til den.
Thomas Bickhardt arbeider m.a. som fotograf, og står bak flotte bildebøker, m.a. boka "Storm ved Stadt". Han disponerer Kråkenes fyr, og har budd der ein periode. No bur han i Selje. Det er ein kapasitet vi får besøke.
Meir detaljert program kjem ganske fort, men her er eit samandrag. Programmet startar fredag kveld med "blikjentstund"i galleriet. Laurdag går turen først til Ervik og seinare til Hoddevik. Vi får teori og rikt høve til å praktisere. Laurdag kveld er det program i galleriet i Selje. Søndag gjer vi som vi vil, om vi vil fotografere, eller reise heim å sjå cupfinale.
Ferjeavgang frå Sulasund er kl 1630 eller 1730. Vi satsar på å bu i rorbuer i Selje sentrum. Prisen for kurset er ca 750 kroner og overnatting ca 500 per person. Mat kjem i tillegg.
Send påmelding i dag eller innan søndag 16.10. Underteikna er påmeldt allereie. Påmelding: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
|