Fredrik og John i ivrig passiar. Foto: Arnold

Godt med varme frå bålet. Foto: Arnold

Egil Ruud Olsen har trua med å klippe hår og skjegg, og har begynt å legge ut bilde. Bilda gler vi oss over, men hår og skjegg vil vi ha :). Foto: Arnold

Fredag 12. juni var det duka for sommaravslutning i Kassneset på Fylling. Ei hard kjerne ivrige medlemmer trossa det kalde og sure veret tidlegare på dagen, og fekk ein fin kveld under seglduken - med god mat på grillen.

Ut over kvelden kunne vi av og til høyre at det dryppa på seglduken, som var strekt over sitteplassen. I midten spraka det frå bålet, og rundt omkring gjekk praten livleg heile kvelden. Godt med varme klede gjorde dette til ei kosestund. Hemmelegheiter og planer for framtida vart drøfta i lag med mulegheiter for aktivitetar og fornying.

Grillkolet, som Monica hadde skaffa, varma godt på grillen. Den eine delikatessen etter den andre såg dagens lys, alt frå pølse til indrefilet.

Marit og Ingeborg fekk sine plakettar og diplomar frå NM i foto og film, sidan dei ikkje var på medlemsmøtet, der dette var delt ut.

Tekst: Arnold Hoddevik