Lysning i enden av tunnellen. Foto: Arnold Hoddevik
Lyngen var veldig fargerik. Foto: Arnold Hoddevik
Einstapen lyste opp i skogbotnen. foto: Arnold Hodddevik
|
Søndag 19. oktober 2014 samla ein liten, trufast gjeng seg ved bruene i Straumen for å fange haustfargar. Vi var spente på om det framleis var nokon haustfargar att å feste til brikka.
Lenge var det masse haustfargar i trea, men så kom regn og vind og bles og vaska ned mykje av dette. Så kom ein ny periode med vakkert ver, og nye tresortar førebudde seg til vinteren, og kledde seg i sterke, gule fargar. Dette ga oss ganske gode mulegheiter nettopp denne søndagen.
Ikkje berre var der ein del sterke fargar att i trea, men der var også masse på bakken, alle blada og nålene som hadde falle av trea like før. Her var det faktisk litt av kvart å fokusere på, lier med rik mosaikk av fargar, lyng med blad som hadde både grønt, gult og raudt på same bladet og ein vid mosaikk av forskjellige haustfargar på bakken.
Vi klatra ned til Skodjestraumen på nordsida, gjekk over til Storholmen, og fotograferte på begge sider av bruvegen. Opplett var det også, nesten til det tok til å skymest.
Vi hadde ein kjekk tur, og eksperimenterte med eit og anna. Kanskje det dukka ropp interessante resultat etter kvart.
Tekst: Arnold Hoddevik
Tilbake
|