|
No kan du hente medlemskortet ditt i fotoklubben på kommande medlemsmøte. Styret i fotoklubben har vedteke å innføre medlemskort til alle betalande medlemmer. Desse er no ferdige til utdeling, 25.09.2014. Kortet gjeld fram til neste forfall for medlemskontingent.
Skodje fotoklubb har samarbeid med Sponland foto i Ålesund, noko som gir medlemmer i Skodje fotoklubb konkrete fordeler i butikken. Derfor er det viktig å kunne dokumentere medlemskapet, dersom du skal dit å handle. Sponland foto har dyktige medarbeidarar, eit godt utvalg av varer i butikken og tilgang til attraktive bildeprodukt.
Kom til medlemsmøtet eller eit anna klubbarrangement, og få utdelt medlemskortet ditt.
Tekst: Arnold Hoddevik
|