Arnold Hoddevik: Resting in sunset
Kenneth Enstad: Dark mountains
Bjarne Skogvik: Stone |
Nesten 40 medlemmar hadde møtt fram til maimøtet i Skodje fotoklubb. På programmet stod John sitt foredrag om bruk av naturleg lys. I tillegg var det gjennomgang av bilda i 8. runde i klubbkonkurransen og ei lita infoavdeling. TING I TIDEN
Først tok John ei lita påminning om diverse aktuelle saker. Styret har bestemt at Skodje fotoklubb skal lage og selge ein kalender med tolv turmål i Skodje kommune. For kvar månad skal det vere turbeskrivelse, foto og evt kulturminneopplysningar. Det er søkt om midlar frå Skodje kommune, og når økonomien i prosjektet er klart, vil medlemmane verte utfordra til i bidra med både forslag til turmål, foto og turbeskrivelsar. Årboka til NSFF er no ferdigtrykt og klar for utsending til alle medlemmar. I boka har 10 medlemmar frå Skodje fotoklubb fått med bilde. Graturlerer! Nordic Light er no avslutta. Det er imponerande at Skodje fotoklubb hadde 20 bilder utstilt. Besøkstala på fotofestivalen har gått ned. Det vart kommentert at der var svært gode sokumentarbilde men lite naturbilde. Sjå meir om Nordic Light her. Bilda frå Nordic Light må hentast søndag 6. mai. Flott at Arne Bunes kan ta på seg denne oppgåva. Styret må jobbe for å finne eit lokale der dei ti bilda kan henge utstilt, td. i Gomerkafèen. Buffar med Skodje fotoklubb sin logo er no til sals for kr. 50,- Workshop 19. og 20. mai med Daria Endresen, Nihil Sth og John Colbensen har fått ei avmelding og dermed er ein plass ledig, sjå meir her. SERIE er tema i 9. runde i fotokonkurransen, John minte om fristen 23. mai kl. 23:59.
KLUBBKONKURRANSE. 8. runde i klubbkonkurransen om å bli årets fotograf hadde tema NATUR. Det var presisert at dette var i vid forstand og bilda kunne spenne frå makro til landskap. Bilda kunne innehalde menneskeskapte element, men desse skulle ikkje vere dominerande i bildet. 21 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og denne gongen var det til dels mykje diskusjon rundt komposisjon, fargeval, det tekniske, lysbruk osv. Veldig bra! Det er dette vi lærer av! Til slutt vart det avslørt kven som hadde kome med mellom dei ti beste denne gongen. Og dei tre bilda som sanka aller mest poeng var på 1. plass ”Resting in sunset” Arnold Hoddevik, 2. plass ”Dark mountains”, Kenneth Enstad, 3. plass ”Stone” Bjarne Skogvik.
BRUK AV LYS I NATUREN Hovudtema for kvelden var John sitt foredrag om bruk av naturleg lys. Han starta med å minne oss på at vi ikkje må vere så opptatt av fotoutstyret vi har (og ikkje har), men at vi konsentrerer oss om bildet vi skal lage. Eit bilde handlar om komposisjon og lys. Å komponere vil sort sett seie å rydde/lage system i det vi skal fotografere og få lyset til å framheve det som vi vil ha fokus på. Bildet bør ha eit sentralpunkt; dvs eit punkt der augene stoppar opp og kan ”kvile” under augeturen rundt om i bildet. Han viste så eksempel på at skiftande ver og tider på dagen gir ulike typer lys i naturen; morgonlyset, kveldslyset, uversskyer som sprekk opp, dis/skodde, spotlys, motlys, månelys, stjernenatta, nordlys, blåtimen. Det er viktig å ha kameraet klart og at ein har nokre fotostader i nærområdet ein kan dra til når lyset ser ut til å bli bra. Og for å bli bedre må vi øve, øve, øve…… |


