Mt St Helens i det austlege Washington. Foto: Arnold Hoddevik
Sjøløver i Sea Lions Cave, Oregon. Foto: Arnold Hoddevik
Snowqualmie Falls, Washington. Foto: Arnold Hoddevik
|
23. 05. var det duka for det andre reisebrevet frå USA. Arnold var der på ferie i 2012, og hadde mange bilde frå landskap, natur og anna.
Gjennomgang av 10. runde i klubbkonkurransen var også ein viktig programpost. Spenninga framfor siste og avgjerande runde var aukande før møtet, men korleis gjekk det?
Den 5 veker lange reisa til USA baud på svært mange høgdepunkt, men nokre av dei sto fram som særleg minneverdige.
Mt. St. Helens Besøket ved Mt St Helens, som eksploderte i ein voldsom vulkan i 1981 var eit av dei største høgdepunkta. Utbrotet førte til store øydeleggingar pga øyeblikelig snøsmelting, osv på vestsida av Rocky Mountains og askenedfall på austsida. 57 menneske, som var i området, omkom. Landskapet var framleis aude og goldt, og svære trestammar med diameter på 1 meter og meir stakk ut av elvebarar som fyrstikker. Forkulla tre var spreidd ut over landskapet milevis omkring vulkanen. Ved det flotte besøkssenteret vart det vist film om vulkanutbrotet, og det var guiding og ein terrengmodell i senteret.
The Sea Lion Caves Verdens største underjordiske grotte huser ein koloni av sjøløver.. The Sea Lion Caves ligg ved kysten av Oregon, og du kjem til grotta gjennom ein heis frå besøkssenteret. Midt i grotta er ein stor sten, som sjøløvene gjerne ligg på, mens havbårene frå Stillehavet slår opp etter steinen.
Snowqualmie Falls Snowqualmie Falls søraust for Seattle er eit mektig syn, der den enorme, frådande fosse kastar seg ned i djuvet og sender ei sky av bittesmå vassdråpar opp over gjester som vil oppleve fossen. Bråket frå vannmassene overdøyver lett det du prøver å seie til reisefølgjet.
Turen hadde mange andre høgdepunkt også. Det er verdt å nemne dei enorme redwoodskogane, der vi køyrde gjennom eit tre og dei vulkanske bergartane, som så tydeleg prega landskapet.
Klubbkonkurransen Makro var tema for 10. runde i klubbkonkurransen, og 18 av klubben sine medlemmer deltok i denne runden. Kampen om dei første plassane tilspissa seg no, men var på ingen måte avgjort - mange poeng å hente i siste runde.
Også denne gongen viste det seg at juryen vurderte bilda noko annleis enn våre lokale "ekspertar", til frustrasjon for nokon og glede for andre. På 3. plass kom Roar Mortensen med bildet "En dråpe kan romme så mangt". På 2. plass kom Paul Grøtt med "Der ja (men det var lettare før..)", og på første fann vi nok ein gong Monica Elise Vestre med bildet "Hiding". Ho styrka dermed posisjonen sin framfor siste runde.
Bilda kan du sjå i bildegalleriet, og dei andre resultata finn du i forumet.
Tekst: Arnold Hoddevik
|