Less is more. foto: Arnold Hoddevik

Det er mange fine motiv om sommaren. 13. 7. startar båtfestivalen i Ålesund, like etter er det jazzfestival i Molde, og deretter er det Jugendfest i Ålesund. Sanneleg er det også sommarfest på Giske sist i juli.

Det er ikkje berre festivalar som er verdt eit besøk. Mange andre mulegheiter finst. Blomsterengene er rike på mange slags blomster og vekster, i skogen kjem det snart sopp, og insekt kryr det av over alt.

I sommar er det også varierande ver, så det er masse mulegheiter til å fange interessante lysforhold. Snart er det konkurransetid igjen, og då kan du få bruk for dei beste sommarbilda dine.