Foto: Geir Jartveit
Tekst: Hilde Sørdal

På årets første vårdag var det igjen klart for klubbmøte. På programmet stod gjennomgang av konkurransebilda med tema Glede og/eller Humor. Kveldens bildepresentasjon var det Geir Jartveit som stod for og i tillegg informerte John om "Ting i tiden".

Allereie før klokka var sju var mange fotografar på plass i Gomerhuset. For då var det nemleg høve til å prøve kle som no kan bestillast med Skodje fotoklubb sin logo på. Utifrå interressa å døme, vert det no mange som kjem til å reklamere for klubben, samtidig som dei har fått gode og funksjonelle plagg frå Arbiro.

Då klokka passerte sju hadde over 30 klubbmedlemmer benka seg i amfiet for å sjå og kommentere dei 19 innsende konkurransebilda. Og etter at dei fleste nok hadde gjort seg opp ei personleg meining om bidraga, kunne John presentere juryen sine val. På førsteplass kom Trond Edvard Ekroll med eit utruleg gjennomført bilde av Tommy og Tigern, «The art of the perfect prank». På plassen bak kom Mariannne With Nor sitt bilde «Tulletid» og på tredje May Iren Lorgen Flem med «I'll start tomorrow». Alle spennande og teknisk gode bilde med motiv som traff tema Glede og/eller Humor.

Så var det ein pause med prat om laust og fast og sjølvsagt diskusjonar rundt resultatlista, før Geir Jartveit kunne presentere fem multimediaseriar med naturbilde. Geir er trønder som siste åra har budd på Sunnmøre, og som brukar mykje av fritida si til å ta bilde av dyr og detaljar i naturen. Seriane om lappuglene i Sverige, moskusane i snødrevet på Dovre, hegren som jaktar på frosk, fargar i naturen og kreativt fargespill gjorde verkeleg inntrykk på klubbmedlemmane. Mange gav også tydeleg uttrykk for at dei var imponerte over det som Geir presenterte. Geir la på si side vekt på at ein må tørre å leike seg, eksperimentere og ha det kjekt med fotograferinga. Kanskje vart nokre også freista til ein moskus-safari på Dovre? Og den som vil sjå fleire av Geir sine bilde, finn link til heimesida hans her

Kvelden vart avrunda med introduksjon av ein ny programpost som skal bli fast innslag på medlemsmøta framover. I det som får namnet Teknisk kvarter, kan medlemmane stille spørsmål om ting dei lurer på i forbindelse med fotograferinga. Her bør ein benytte sjansen, enten direkte på møta eller ein kan sende spørsmåla til John eller andre i styret på e-post før møtet.

Neste klubbmøte er torsdag 12. april, - då vert det gjennomgang av konkurransebilda med tema ”Måltid” og John skal snakke om bruk av naturleg lys.