Besøkande vurderer bilde. Foto: Arnold Hoddevik
Heaven - frå Jökulsarlón. Foto: Monica Elise Vestre
|
Den store kunst- og handtverksmessa på Vatneeidet blir i år arrangert for 24. gong. Messa er populær i vide krinsar, og arrangør er Tennfjord Skulekorps. Utstillarar av både handtverk og forskjellig kunst kjem frå mange plassar for å stille ut og selje kunsten sin her.
I år stiller Monica med ein serie bilde frå turen ho tidlegare i haust hadde til sagaøya Island. Island er ei vulkansk øy, så landskapet er sterkt prega av dette. Øya er også kjendt for sine varme kjelder, der du mange plassar kan bade året rundt.
På bilda ho presenterte frå turen, kunne du sjå den blå lagune, fossefall med irrgrøne lier omkring, slik som Seljalandsfoss og Hraunfossar, og kystlandskap, som Jökulsarlón og Dyrhólaey. Spesielt var det å sjå isblå brerestar på den svarte stranda. Dette fenomenet oppstår somme plasser, når sjøen fell og isklumpane føl med vatnet ut mot sjøen. Nokre blir då liggande att på stranda, og skaper desse spesielle og flotte kontrastene.
Monica hadde også med seg bilde frå norske landskap og natur, og fortalde meg at ho var bra fornøgd med messa. Fleire bilde var allereie selde.
Klubben har vore representert på messa før: Monica har vore med fleire gongar og i 2011 hadde også John ei stor utstilling der.
Tekst: Arnold Hoddevik
|