Ein artikkel av Alfred Nilsen

Eg var innom klubbmøtet torsdag 28. april. Lenge sida sist og det var kjekt å sjå alle dei «gamle» og nye
andleta i klubben. Mange gode og fine bilete frå medlemmer som har fotografert dyr og fuglar var det. Alt
fekk eg ikkje med meg, men litt god prat med noken eg kjende, ei fekk eg til og med halde hendene mine
rundt.

Eg tek sjeldant bilete av dyr, visst dei då ikkje kjem til meg, på eit aller anna vis.

Det gjorde denne unge reven ein gong for ganske lenge sidan. Eg hadde gått ein tur til Overåsætra i
Liabygda. Liabygda har så mange herlege plassar å fotografere på. Liasjøen eller Liakaia som mange
kallar det, er ein grusveg ned til fjorden som startar om lag der du køyrer ned for å ta ferja til Stranda frå
Gravaneset. Mykje blomster, det er ei sørvendt helling med Synnylvsfjorden midt i mot Det er òg ei elv
som går bratt nedover der. Turen ut til Ansok er òg fantastisk. Eg parkerer ved den gamle fabrikken. Du
kan òg parkerer nærare på ein lunneplass på vegen ut dit. Du ser den på høgre sida med skilt som peikar
til Ansoksætra. Du kan ruslar ut til Ansok på bilvegen derifrå.

Overåneset er ein annanplass. Der går det veg ned til eit gammalt ferjeleie. På vegen ned er det mykje
herleg furuskog. Ved ein gammal garasje i ein sving kan du stoppe, derfrå går det sti ut til eit flott
utkikkspunkt over Storfjorden og mykje fureskog som sagt.

Attende til reven. Starten til Oversætra er der vegen går ned til Overåneset, men du går då opp i terrenget.
Det er litt bratt, men ikkje langt. Eg kom ned derfrå og akkurat då eg gjekk gjennom grinda og skulle
lukke etter meg, såg eg ein liten rev som nede ved hovudvegen.
Eg vart stille og liste meg rundt, heldt pusten nærast. Eg hadde med eit kompaktkamera Canon PowerShot
G12 eg zooma, det den digitale zoom greidde og sette kamerat på gjerdestolpen for å halde det i ro.

Nei, æsj, det vart ikkje bra. Ein lite kattunge langt unna og elendige fargar og komposisjon. Eg slutta å
vere forsiktig og så kunne rev vere rev.

Til mi undring verka ikkje reven redd i det heile (litt typisk unge dyr som ikkje har treft meg før). Eg
gjekk frimodig vidare og reven sprang ikkje. Eg sette meg ned på huk og revungen kom i mot meg og
ville leike, trur eg. Eg hadde god tid til å aktivisere den innebygde blitsen (det var i kveldinga) og så
kunne berre reven komme. Ein meter i frå meg fyrte eg av blitzen midt i glaninga på den. Reven hoppa
høgt rett opp i lufta, landa å kikka surt på meg, vil du ikkje leike, og forsvann.
Eg har etterbehandla bildet, men ikkje så mykje. Gjort bakgrunnen litt mørkare for å få reven meir i
fokus, ja og så sjølvsagt måtte eg fjerne raude auge etter blitzangrepet.


Ha ein god fotosesong med gode idear for korleis du skal «fange» alle dei ville dyr og fuglar vi har rundt
oss.


Mvh
Alfred Nilsen