Bildekveld med diskusjon rundt bordet. foto: Arnold Hoddevik
Diskusjon og humor rundt bordet. foto: Arnold Hoddevik |
Torsdag 3.10. var det bildekveld med innleveringav bilde til NM i Foto 2014. Kvelden var samtidig oppstart for ei ny gruppe i klubben, for dei av medlemene som ønskjer å satse på å delta i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. Aktivitetane i denne gruppa kjem i tillegg til andre klubbaktivitetar. 15 medlemmer møtte fram til bildekvelden, og mange hadde også med seg bilde som skal sendast inn til NM. Klubben skal sende papirbilda samal til konkurranseutvalget i NSFF, slik at dei er framme seinast 15. oktober. Bilde som skal delta i klassane for projeksjon, dvs kun digitalt, kan sendast inn til NSFF fram til fristen den 15.10. NM har tre klasser, voksne, ungdom opp til 25 år og ungdom opp til 18 år. Ungdom kan delta gratis, mens voksne må betale 100 kroner, innbetaling gjennom nettbutikken til NSFF. Du kan logge på og levere digitale bilde til NM ved klikke her. Lenkene til innlevering finst i høgre del av skjermbildet du kjem til. Mykje av kvelden gjekk med til korleis deltakarane i ei konkurransegruppe kan hjelpe kvarandre til å skape betre bilde gjennom konstruktiv bildeanalyse og gjensidig oppmuntring og kritikk. Deltaking i konkurransar fremmer tenking om kva som er eit godt bilde, og øver opp den enkelte til å bli meir bevisst på korleis utgangspunktet for etterbehandling kan bli best mulig. Gruppa er open for klubbmedlemmer som ønskjer å satse og bidra kontruktivt, og satsar på å ha møte ein gong i månaden. Tekst: Arnold |

