Sommeren som aldri kom, Ann Helen Krogseter
Tears from heaven, Monica Elise Vestre
Regnbuen, Roar Mortensen |
Over 40 medlemmar sat klar i kultursalen då oktobermøtet til Skodje fotoklubb starta. På programmet stod John sitt foredrag om nattfotografering. Men først var det gjennomgang av bilda i 3. runde i klubbkonkurransen, ei lita infoavdeling og ein pause med enkel servering og litt prat. KLUBBKONKURRANSE; 3. runde i klubbkonkurransen om å bli årets fotograf, hadde tema REGN. 20 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og denne gongen var det Rauma fotoklubb som hadde vore jury og kome fram til ei resultatliste. Dei fem bilda som sanka aller mest poeng var på 1. plass ”Sommeren som aldri kom” Ann Helen Krogseter, 2. plass ”Tears in heaven”, Monica Elise Vestre, 3. plass ”Regnbuen” Roar Mortensen, 4. plass ”Det regner”, Oddbjørn Døving, 5. plass «Ingen ende», Marianne With Nor. 4 bilde fekk hederleg omtale; det var Merethe K Sunde, Paul Grøtt, Fredrik Lübbe og Kenneth Enstad sine bilde. TING I TIDEN Så kom ei lita påminning om diverse aktuelle saker. Neste konkurranserunde. Tema er MITT FAVORITTSTED; frist for levering er 31/10 kl. 23:59.Det er i denne runden to måtar å levere på: E-post til konkurranseansvarleg Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller gå til NSFF sine sider. Logg deg inn og finn «postkassa» for innleveringar til Skodje fotoklubb: Der er ei tre-trinns prosedyre, 1. Registrere namn på bildet, 2. Laste opp bilde, 3. Avslutte innlevering. Du treng ikkje skrive ut lappar med namn til denne konkurransen. Sjå også Håvard si oppskrift for innlevering her. FOTOFESTIVAL på Stranda . Fotoklubben der arrangerer fotofestival helga 23. - 25. november, og Skodje fotoklubb er inviterte til å ha utstilling. Styret har bestemt at vi i den anledning arrangerer ei lita, intern konkurranse for å velge ut bilda som skal vere med på utstillinga. Kvart medlem kan levere inntil 3 bilde, tema er FRITT, frist er 31/10 kl. 23:58. Her MÅ alle bruke NSFF sine sider for innlevering. Du finn eiga «postkasse» til det på same sida som den til klubbkonkurransen. Sjå elles meir om programmet for fotofestivalen her og om den interne konkurransen her. SKODJE KOMMUNE og Skodje fotoklubb har inngått ein avtale der klubben skal levere bilde til ein kommunal bildebank. Bilda kan kommuna bruke på heimesida, i annonser, profilering og trykksaker av ulikt slag. For dette arbeidet får vi 15 000,- kr. til klubbkassa. Alle bilda skal ved bruk krediterast Skodje fotoklubb. Alle medlemmane vert oppfordra til å lever bilde til dette prosjektet. Dess fleire stader og situasjonar, oversiktsbilde og detaljar vi kan klare å samle saman, - dess betre er det. Meir om prosjektet finn du her. UTANLANDSTUR TIL VÅREN. Monica har no klart tilbod på to turar i april/mai. Det er Riga eller Praha som er aktuelle. Her er det knappe fristar for å få gode prisar. Så dersom du syns at fototur med fly, transport t/r flyplassen og hotell m/frukost for under 5 000,- kr høyrest fristande ut, så kan du lese meir her. (Kjem i løpet av helga) Monica vil også sende mail til alle klubbmedlemmer om dette. Og du må klare å bestemme deg innan 2. november. BUFFAR med Skodje fotoklubb sin logo er framleis til sals for kr. 50,-
NATTFOTOGRAFERING Tema for kvelden var John sitt foredrag om nattfotografering. Dette er eigentleg eit kurs på tre timar som det kostar ein del å få med seg. Men som medlemmar i Skodje fotoklubb var vi altså så heldige å få ein to-timers variant, - heilt gratis - på ein vanleg klubbkveld. Og det store frammøtet og avslørande, flittig «notering» på mobiltelefonar i den mørke salen, viste tydeleg at medlemmane sette pris på kursinga og at dei fekk mange gode tips og idear. John viste eksempel på at lyset heile tida er i endring og at skiftande ver og årstider også gir ulike forhold for nattfoto; skumringslyset med blåtimen, månelys, stjernenatta, nordlys og grålysninga. Det som er viktig for å få gode nattbilde er; - i tillegg til kameraet - ein solid tripod, fjernutløysar og varme klede. I tillegg er det ein del utstyr som kan vere kjekt å ha, - men som ikkje er nødvendig for å kome i gang. Det kan også vere ein fordel å sette seg litt inn i innstillingar av kameraet før det blir mørkt! Men for å bli bedre må vi ut i mørket og øve, øve, øve…… Og for å bli gode må vi gidde........ eller ha tid? .......eller?........ Her kan nok diskusjonane fortsette ein annan gong når vi har tid, - eller gidd ;-) Tusen takk til John for alt han lærte oss om nattfotografering!
Tekst: Hilde Sørdal |


