Godt å varme hendene. Foto: Arnold Hoddevik

Komponist Kjell Flem og tekstforfattar Agnes Kjellesvik Aasen. Foto: Arnold Hoddevik

Hilde Louise Asbjørnsen. Foto: Arnold Hoddevik

Oktobermøtet var sett opp med Fotografiets historie som tema. På grunn av uføresette, alvorlege omstende måtte dette temaet gå ut.

Det var arbeidd iherdig med å få i stand ei god erstatning. M.a. vart Nordic Light invitert, sidan dei hadde invitert seg sjølve til Sunnmøre. Dessverre vart dette ikkje noko av, så temaet vart derfor ei overrasking. Var dette årsaka til at berre 10 medlemmer møtte, eller...? Eg trur dei andre gjekk glipp av noko.

Arrangementsfoto og teknisk kvarter vart tema. Etter kvart vart det også diskusjon omkring den sosiale kulturen eller ukulturen i klubben.

Arnold Hoddevik viste bilde og fortalde om fotografering under arrangement. Fjord Cadenza 2013 vart brukt som eksempel, og det vart vist bilde frå mange av konsertane, både opningskonserten, solistkonkurransen, intimkonserten på hotellet på Glomset, avslutningskonserten, osv.

Der er spennande å dekke arrangement på denne måten, men også utfordrande pga lyssettinga. Det er godt å ha eit kamera som kan fotografere bra med høg ISO, noko fleire av dei nyare kamera klarar godt. Det er også godt å ha eit bra objektiv, men du treng ikkje lange brennvidder. Normalzoom eller fast brennvidde er oftast nok.

Eit overraskande øyeblikk oppsto framfor peisen på Glomset, då ein av musikarane sette seg ned og varma hendene framfor elden - eit magisk øyeblikk.

Den mest interessante kunstnaren var Agnes Kjellesvik Aasen, som hadde skrive eit avskjedsdikt til mor si. Dette hadde fenga komponisten Kjell Flem, som sette musikk til diktet. Ålesund kammerkor framførte verket, etter at Aasen først las diktet. Det var umåteleg kjekt og interessant å snakke med og fotografere denne dama.

Den artigaste personen eg fotograferte under Fjord Cadenza i 2013, var nok Hilde Louise Asbjørnsen, fordi ho var så visuell og strålande på cena.

Under det tekniske kvarteret vart fleire sider ved bildebehandling drøfta, spesielt bruk av Lightroom. Fleire fekk ei viktig ahaoppleving knytt til sikkerheitskopiering.

Tekst: Arnold Hoddevik