John si første forside i VG.
På rett stad til rett tid...
|
John har ein allsidig bakgrunn, og jobba bl.a. for VG i ca. 3 år. På klubbmøtet 16. mai fekk vi høyre litt om kvardagen til ein pressefotograf.
Ein pressefotograf skal dekke nyheiter og hendingar. Han skal kunne fortelle ei historie eller formidle ein beskjed, og han har ofte spesialisert seg på områder, f.eks. sport.
Pressefoto er eit svært konkurranseprega marked, så for å hevde seg er det viktig å ha ein god kombinasjon av intuisjon, kreativitet og tekniske kunnskapar. Ein må bl.a. takle administrative oppgåver, halde seg oppdatert på alt som skjer innanfor sitt område, skaffe seg kontakter, halde seg med utstyr og forsikre seg om at alle bilder er rette, katalogisert og klar til å møte deadline. Samarbeidet med journalist og bildedesk er tett, og det er korte fristar. Ein må vere klar for nye oppdrag heile tida, hvis ikkje kan det bli lenge til neste gong...
Har du lyst til å bli pressefotograf, så strekk deg mot stjernene, så når du i alle fall tretoppane... Du må ha ein god porsjon viljestyrke, vere dedikert og forberedt på at det tek tid. Det er ikkje lett å tjene pengar med ein gong, men unngå gratisarbeid og les deg opp på journalistisk tankegong. Tenk over kven du vil jobbe for, lag så ein portefølje med bilder og be om møte med redaktør for å vise dei fram. Om du får ein fast frilansavtale, så kan du registrere deg på www.frilans.no.
John heldt eit interessant og engasjert foredrag denne gongen også, med bilder både frå eigne oppdrag og andre pressefotografar. Pressefotograf er nok eit veldig spanande yrke, men også veldig stressande...
|