Anita Hector, NSFF sin regionkontakt i Møre og Romsdal. Foto: Arnold Hoddevik
Trond Edvard Ekroll sitt vinnarbilde "Nursing" Merking av bilder som skal delta i NM i foto. Foto: Arnod Hoddevik |
35 medlemmar hadde møtt fram til septembermøtet i Skodje fotoklubb. På det opprinnelege programmet stod ein minifotomaraton. Men ettersom vi denne kvelden fekk besøk frå NSFF, vart fotoaktiviteten utsett til eit seinare klubbmøte. Etter ein pause med burs og kjeks og diskusjonar, var det gjennomgang av bilda i 2. runde i klubbkonkurransen og til slutt ei lita avdeling med informasjon. INFORMASJON OG DISKUSJON OM NSFF Regionkontakt Anita Hector hadde invitert seg sjølv til eit møte med Skodje Fotoklubb. Ho er medlem i Atlanterhavsveien fotoklubbb som held til i Fræna. Men i tillegg til det er ho altså regionkontakt for dei 10 fotoklubbane i Møre og Romsdal som er organiserte i NSFF. Ho er opptatt av kva vi som medlemmar i NSFF forventar oss av organisasjonen og ho er optatt av at det er medlemmane som skal meine noko om og bestemme korleis organisasjonen skal utvikle seg vidare. Ho oppfordra oss derfor til å sjekke NSFF sine sider på nettet. Desse sidene er under revisjon, - dei bør bli meir moderne og vise at det er foto som interessefeltet for organisasjonen. Ho oppfordra oss vidare til å Sjekke kva medlemsfordelar vi kan få gjennom NSFF Sjå på bilda som tidlagare er premierte/antatt i Landskonkurransen. Delta i NM i foto, dss tidlegare Landskonkurransen. Anita Hector skal i løpet av hausten besøke alle medlemsklubbane i fylket. I etterkant vil det kome eit samandrag av kva som har kome opp av aktuelle saker i klubbane. Samtidig vil det verte kalla inn til eit regionmøte i januar. Dette blir truleg lagt til Ørskogfjellet. Her vil ein drøfte saker som det kan vere aktuelt å fremme på landsmøtet i NSFF i Trondheim i mai/juni neste år. Hector er opptatt av at det er nyttar å engasjere seg, det er bra å ha meiningar og det er viktig å uttrykke dei. Ma har det kome forslag om at det skal verte gebyr for å delta i NM i foto; - dette bør medlemmane meine noko om. På møtet blir det også lagt opp til ein idedugnad. I tillegg til møtet er det planlagt eit kurs/foredrag. KLUBBKONKURRANSE; tema YRKE 2. runde i klubbkonkurransen om å bli årets fotograf hadde tema YRKE. 16 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og etter litt diskusjon rundt komposisjon, fargeval, det tekniske, lysbruk osv. , kunne konkurranseansvarleg Håvard røpe resultata. Dei tre bilda som sanka aller mest poeng var på 1. plass ”Nursing” Trond Edvard Ekroll, 2. plass ”Glassblåser”, Monica Elise Vestre, 3. plass ”DHL” Fredrik Lübbe. Meir om resultata finn du her. Kommentarane til dei rangerte og antatte bilde finn du her. Neste tema er REGN. Frist for levering er 3.oktober. Rauma fotoklubb skal juryere den runden. TING I TIDEN Kalenderprosjekt. Det vart selt i underkant av 100 kalenderar på Skodjedagane. Vi har allereie tent innatt utgiftene vi har hatt isamband med produksjonen. Overskotet skal altså gå til medlemsfordelar som td å få dyktige fotografar/foredragshaldarar til klubben. Den som har forslag til aktuelle personar kan ta kontakt med styret. NM i foto. Skodje fotoklubb står førebels for ca ein tredjedel av dei innleverte bidraga. Etter klubbmøtet var det ein liten workshop, der papirutskrifter vart behørig merka og leverte til leiar John for felles innsending til juryen. Framleis er det tid igjen for dei som vil delta i klassa for Projeksjon. Sjå meir her. Workshop 22. september med Jon Andre Åsen. Kurset vat godt mottatt og har vore meir en fullteikna i lang tid . Bildebank. Skodje fotoklubb har inngått ein avtale med Skodje kommune om å levere digitale bilder til bruk for kommuna mot godtgjering til klubben. Meir info om dette kjem etterkvart. |
