Torsdag 30. september hadde vi det siste medlemsmøtet før overtaking av nye lokale i Gomerhuset. ca 25 medlemmer møtte fram for å vere med på gjennomgang av bilde med potensiale for forbetringar, med andre ord ein utvida diskusjon rundt bildekomposisjon.
Lillian hadde med eit utvalg av bilde frå ferieturen til Nord-Norge sist sommar. Det var mange meiningar og tips om korleis bilda med enkle grep kunne blit betre.
Ein av konklusjonane etter gjennomgangen var at det ofte er lurt å sjå seg litt rundt for å få best muleg lys og utsikt til motivet og dessutan prøve å utelate ting som stel oppmerksomheita frå hovedmotivet.
|