Steinar Vikås på besøk tidlegare i haust. Foto: John Colbensen.

Workshop med Magnar Fjørtoft tidlegare i haust. Foto: John Colbensen

Sunnmørsposten presenterer i dag 1.12. intervju med John om fotoklubben i Skodje. Klubben har i dag 77 medlemmer, og er dermed størst i fylket - i lag med Kristiansund Kameraklubb. Dette er langt meir enn forventa då klubben vart starta.

Klubben blir i avisa beskreven som aktiv med mange forskjellige aktivitetar, som dreg medlemmer også frå nabokommunane. Medlemsmøte, fototurar, workshops og kurs i fotografering og Photoshop Elements er nemnt. Truleg ligg mykje av årsaka til den store tilstrøyminga av medlemmer i dette med aktivitetar i og rundt klubben.

John seier at han er sterkt misfornøgd med vinklinga artikkelen fekk, både fordi den fokuserte altfor mykje på han som person og fordi mangfoldet i medlemsaktivitetar ikkje på nokon måte kom fram. Journalisten har både feilsitert han og unnlate å nemne mange ting som John framheva i intervjuet.