Interesserte studerer bilda og snakkar med klubbmedlemmane på utstillinga.

Skodjedagane er gjennomført, og vi opplevde stor tilstrøyming av folk og stor interesse for klubben og fotografering. Før messa stengde søndag ettermiddag, hadde medlemstalet passert 60.

Målet med messa var å vise fram klubben, kva aktivitetar vi driv med og korleis vi utviklar hobbyen vår. På utstillinga var det mange bilde på veggen, ei lysbildeframsyning på ein TV-skjem og brosjyre om klubben. Publikum kunne også kjøpe bilde og boka om digital fotografi av Magnar Fjørtoft. Interesserte kunne også få med vervebrev for å støtte klubben med Grasrotandelen knytt til Norsk tipping sine spel.

Mange stoppa og såg lenge på bilda og stilte spørsmål om klubben og om fotografering. Det er tydeleg stor interesse for dette i lokalsamfunnet.