Bårer mot stranda i Hoddevika

Det var stor interesse for temaet på medlemsmøtet 8. november. Så mange som 38 medlemmer benka seg i musikkrommet, og fulgde nøye med på leiaren si orientering og gode illustrasjon av korleis den enkelte kan skape spennande bilde ved hjelp av lange lukkartider.

Alt er relativt. Vengjene på ei humle beveger seg så hurtig, at dei rekk å svinge, sjølv om lukkartida er 1/320. Tek du bilde av bølgjer som slår mot stranda, kan du gjerne bruke lukkartid på nokre sekund, for å skape spenning. Dersom du vil illustrere jordrotasjonen ved hjelp av stjernene, må du kanskje bruke mange minutt. Stativ og fjernkontroll er godt å ha i slike høve.