Surfing the waves. Foto: Arnold Hoddevik
|
Det er ikkje berre det at klubben vår skal på stormfotokurs med Thomas Bickhardt i Selje, Ervik og Hoddevik i helga. Det skal også vere NM i surfing samtidig.
Den som håpar på å få nokre fine surfebilde i løpet av besøket på Stadlandet, kan derfor sjå fram til å kanskje kunne møte nokre av dei flinkaste surfarane i landet. Det kan bli ein spennande del av Nordfjord-turen.
Turen startar fredag 4.11., og du kan lese meir om den i ein tidlegare artikkel i denne spalta.
|