Arnold set modell og John prøver ut eit vanleg oppsett av belysning. Foto: Håkon Arnljot.
|
Fleire av medlemmene viste talent for portrettfotografering, då det var tid for å øve i bruk av studioblits. Kvelden 21.3. starta med framvising av videoen som føl med studioblitsane til klubben. Deretter viste John montering og samankobling av utstyret i praksis.
Det vart etter kvart liv i folket, då det var tid for øving. Datamaskina vart kobla til fotoapparatet, slik at bilda vart vist på veggen straks dei var tekne. Arnold sat modell i starten, og mange medlemmer flokka seg rundt og fyrte laus frå dei underlegaste vinklar mot smil og grimaser og forskjellige ansiktsuttrykk. Etter kvart stilte andre også som modell, og fleire ulike belysningar vart utprøvd.
Berre ei lita endring av lyset gjorde portrettbilda heilt annleis. No er det berre å kontakte materialforvaltaren, så kan du hente utstyret, sette i gang med å eksperimentere og få dei portrettbilda du lenge har ønska deg.
|