Kenneth Hjelle demonstrerer synkroniseringskabel, og fortel om blitsbruk på medlemsmøte.
Berre eit mobilbilde denne gongen, men slik går det når "journalisten" tek med seg kameraet uten minnebrikke. Tekst og foto: Arnold Hoddevik

Temaet for medlemsmøtet mandag 6.12. var blits og blitsbruk - ute og inne. Bruk av blits er både enkelt og vanskelig. Kenneth Hjelle gjekk gjennom bruk av blits i forskjellige situasjonar, blits på kameraet, blits borte frå kameraet, bruk av fleire blitsar, både kabel- og trådlaussynkronisering, bruk av fargefilter og anna kreativ bruk av blitsen, paraply og reflektorskjerm, stativ osv. Han hadde også fleire gode tips til billeg utstyr, slik som fargefilter av cellofan, enkel reflektor av papir og ein smart "snoot".

Etter innlegget fekk han mange spørsmål, og det var høve til å studere utstyret han viste fram.

Kenneth Hjelle bur i Skodje, er medlem i klubben og dyktig fotograf. Fleire uttrykkte begeistring for orienteringa. Dette var veldig nyttig informasjon, og fleire ting var enklare enn mange ante.

Kenneth har levert eit glimrande samandrag, som du finn på forumsida, under medlemsmøte i blokka Arrangement. Klikk her for å komme til inslaget. Du må logge inn, men innslaget dukkar opp etter kvart.