Kvitveisen blomstrar. Foto: Arnold Hoddevik
Sverre på jakt etter små detaljar. Foto: Arnold Hoddevik
Med lommelykt og sprayflaske skaper John og Synnøve eit eige studio og vakre makrobilde. Foto: Arnold Hoddevik
|
Makro kan du godt holde på med heile året, men det blir meir spennande når våren og sommaren kjem, naturen vaknar til liv, og blomstrane sprett. Aprilmøtet var sett av til makro. Det starta med ei kort innføring i grunnleggande teori og masse ekspempel på ulike teknikkar og framgangsmåtar.
Arnold starta temaet med gjennomgang av nokre grunnleggande begrep. Under makrofotografering er det viktig å vere klar over at ting blir sett på spissen, blir ekstremt. Bevegelsar blir lett ekstreme, og dybdeskarpheita blir ekstremt lita.
Det fins mangt slags utstyr, og enkelte fabrikantar av objektiv reklamerer med makroobjektiv, utan at dei er det. Makroobjektiv har fast brennvidde og ekstra kort nærgrense, slik at dei kan gjengi motiv i full storleik.
Forskjellige hjelpemidlar er også kjekt å ha, som makroblits, stativ, lommelykt, speil, saks, osv.
Arnold viste også korleis du kan gå fram for å vise større dybdeskarpheit i makrobilde, fokusstacking, dvs å gjere mange opptak av eit motiv mens du flyttar fokuspunktet litt og litt innover i motivet. Etterpå kan desse settast i hop i bildebehandlingsprogram. Presentasjonen som vart brukt, kan du laste ned frå forumet, under Medlemsmøte.
John fortalde om korleis han fotograferer. Han likar å lage eigne scener i naturen, brukar kraftig lommelykt, speil og sprayflaske med vatn, osv, for å skape lys og miljø, og elskar å operere med minst muleg dybdeskarpheit. Fleire glimrande eksempel synleggjorde korleis berre små endringar i lyssetting, lukkartid, bildevinkel og bruk av vatn totalt endra stemninga i motivet.
Monica opererer også gjerne med minst muleg dybdeskarpheit, og likar mjuke bilde av blomstrar best. Ho viste fleire eksempel på fantastiske blomsterbilde, og fortalde om korleis ho skapte desse.
Etter gjennomgangen var det tid for å ta på seg varme kle og vandre ut i vårkvelden på jakt etter små, små detaljar i naturen. Fleire øvde tydelegvis på interessante teknikkar, så det blir spennande å sjå kva makrobilde som blir presentert i tida som kjem.
Klubbkonkurransen Denne runden hadde natur som tema. Bilda vart jurierte av Tønsberg kameraklubb. Resultatet vart ikkje gjennomgått i møtet, men presentert på forumet etter møtet. Marit, Paul og John kapra dei tre første plassane, mens Liv Inger og Eddie fekk dei to neste.
Resultatlista finn du i forumet, og bilda i bildegalleriet.
Tekst: Arnold Hoddevik
|