Illustrasjon frå internett

Programmet for vårsemesteret tek form, og styret håpar medlemmene synes det blir eit interessant program. Fleire detaljar vil falle på plass etterkvart, så føl med.Programmet vart drøfta på styremøte torsdag 9. januar.

Før møtet hadde styret fått mange innspel frå fleire medlemmer, og kommande tema er henta frå desse innspela.

Eit utfordring med fleire av ideane, var at dei krev mykje førebuing av den som skal stå føre programmet. Vi har prøvd å løyse dette så godt det let seg gjere på kort varsel. Det nye styret vil sikkert arbeide vidare med forslaga, og prøve å få tak i både interne og eksterne krefter til å stå føre programpostar basert på ønskje frå medlemmane. I vår får vi kanskje besøk av to eksterne, både ein frå NSFF og ein inspirerande fotograf

Den økonomiske situasjonen i klubben set nokre begrensingar i mulegheitene til å leige ekstern ekspertise. Det blir likevel forsøkt å få til både oppfylling av ønskje og variasjon. Nokre av innspela hadde vi på medlemsmøte hausten 2013.