Eit av dei første medlemsmøta. Foto: Arnold Hoddevik
Aktivitetskveld med leik og moro.Foto: Arnold Hoddevik
Workshop med Magnar Fjørtoft. Foto: Arnold Hoddevik |
8. april fyller klubben fem år. Det syns vi er verdt å markere. Vi har fått til masse desse åra, og ser lyst på framtida. Markeringa opnar med eit kort arrangement i Kultursalen i Gomerhuset kl 14:30 laurdag 11. april. Kl 15 opnar ei fotoutstilling i biblioteket. Medlemmene i klubben har bidratt med eit breidt spekter av bilde, og viser noko av den store breidda i klubben. Utstillinga vil også vise nokre av bilda som har blitt premierte i ulike konkurransar. Utstillinga er open for alle, og du er hjertelig velkommen til opninga laurdag. Etter dette vil utstillinga henge ein månads tid, og du kan sjå den når bibioteket er ope. Fleire medlemmer har meldt seg på eit lukka arrangement om kvelden laurdag 11. april. Der skal vi hygge oss med god mat og fotoprat. Vi trives i lag, og likar å holde på med foto. Bilda her viser inntrykk frå nokre forskjellige klubbaktivitetar. Pressemelding:Skodje fotoklubb fyller fem år Tekst: Arnold Hoddevik |




